Helgatunhelg med konsert, marknad, basar og Gudsteneste
30. oktober til 1. november blir det Helgatunhelg på Helgatun. I år blir det eit ekstra innhaldsrikt program, med konsert, minimarknad, loppemarknad, basar, middag og Gudsteneste.
Helgatunhelga har vore ein årleg tradisjon i mange år. Målet er både å invitere vener og interesserte til Helgatun, skape liv og aktivitet – og samle inn pengar til drifta av fjellpensjonatet.
– I år har vi slått litt ekstra på stortromma, fortel dagleg leiar Ann Kristin Åkerlund Riise.
Helga startar fredag kveld med middag og konsert med Knut Inge Røen, samt eit ord for kvelden med Marit Andresen Røen.

Stor marknadsdag
Laurdag blir det ein stor minimarknad med rundt 15–20 ulike utstillarar. Her blir det mellom anna lokalmat, handverk, bakst, bøker, klede og andre lokale produkt.
Blant dei som kjem, er Een gard frå Voss, som tilbyr lokalmat og lokale hudprodukt. Ein treskjerar frå Jordalen kjem også, og SunnBok tek med seg bøker og klede. I tillegg blir det sal av ulike heimelaga produkt og lokale bakarvarer.
– Det blir masse forskjellig gøy, seier Ann Kristin.
Det blir også stort loppemarknad og garasjesal med ting frå Helgatun. Og for dei som allereie tenkjer på jul, kan marknaden vere ein god stad å starte julehandelen. Mellom anna kjem Linda Aase med julekalenderen dei har utvikla.
Laurdag blir det dessutan basar med fine gevinstar og ein middag med innhald. Her får deltakarane bli betre kjende med dei som leier Helgatun og IMS.

Tid til både marknad og fjelltur
Marknaden er open i fleire timar, så det er gode moglegheiter til å kombinere besøket med ein tur i det flotte haustlandskapet rundt Helgatun.
– Formiddagen på laurdagen er ypperleg for å gå seg ein tur, seier Ann Kristin.
Det blir også open kafé gjennom dagen, og Helgatun håpar mange tek turen innom – anten dei er med på heile helga eller berre kjem på dagsbesøk.
Gudsteneste på søndag
Søndag blir helga avslutta med Gudsteneste der Kjetil Fyllingen, kretsleiar i IMS, taler. Det blir song og musikk, og ei god avslutning på helga.
For dei som bur på Helgatun, blir det også god frukost og middag før heimreise.
Det er framleis mogleg å melde seg på med overnatting, men det byrjar å fylle seg opp.
– Vi er fleksible og klarer å presse inn ein god del til, men det er lurt å ta kontakt så fort som mogleg dersom ein ønskjer overnatting, seier Ann Kristin.
Det er også fullt mogleg å delta på delar av programmet som dagsgjest.
Vil du overnatte eller vite meir om programmet?
Ta kontakt med Helgatun på tlf. 56 51 98 98 eller send ein e-post til helgatun@helgatun.no.

