Ane Brekke, Erika Mæland og Daniel Grimsbø er tre av ungdommane som har vore med på Good News Sunnhordland denne helga.

Dei trekkjer fram flinke talarar, mykje moro og eit kjekt arrangement – spesielt med tanke på at dette var første gong Good News blei arrangert.

– Det er veldig gøy og imponerande. Dei har fått til eit stort arrangement, spesielt når det er første gong. Kjekt at vi kan få til eit sånt opplegg på Stord!

Det har vore mykje å finne på gjennom helga. Lovsong, talar, gameshow, Andedammens meister og akvadisko med musikk, leikar, badeballar og masse spruting. 😄

Ungdommane håpar at Good News kjem tilbake neste år. Dei har også nokre innspel til kva som kan bli endå betre: Eit litt større område der folk kan møtast og bli kjende, og meir rom mellom dei ulike programpostane.

Men alt i alt er dei godt fornøgde:

– Det var veldig bra!

Takk til Ane, Erika og Daniel for gode innspel – og takk til alle som har vore med på å gjere Good News Sunnhordland til ei flott helg!

Vil du bidra til neste års Good News?

Vipps ei gåve til 43766