Ann Kristin Åkerlund Riise er ny dagleg leiar på Helgatun. Ho kjem med mykje energi, eit stort engasjement og ein sterk tru på at Helgatun har ei viktig oppgåve også i åra som kjem.
– Eg er først og fremst Guds barn. Det er fint å kunne lande der etter mange år med usikkerheit, seier Ann Kristin.
Ho er mamma til Leah og Alex, kona til vossingen Lounes, storesyster, dotter og ven. Og ho legg ikkje skjul på at ho har godt med energi.
– Eg er nok over gjennomsnittet engasjert, men eg har etter kvart lært meg å setje sunne grenser. Eg ønskjer å leve eit berekraftig liv og ikkje brenne lyset i begge endar.
Det kan vere ein god eigenskap når ein skal leie eit stad som Helgatun. Men for Ann Kristin handlar leiarskap først og fremst om noko anna:
– Eg ønskjer å bli leia av Gud og gå dit han kallar.
Ei trusreise med både motstand og nåde
Trusreisa hennar har ikkje vore rett fram. Som tenåring valde ho bort trua til fordel for fest og moro. Ho bar også på ei kjensle av ikkje å vere «innafor» i det kristne miljøet.
Men Gud gav henne ikkje opp.
For rundt ti til fjorten år sidan kjende Ann Kristin på ei sterk tomheit. Ho valde å lytte til den litt «irriterande» stemma som bad henne oppsøkje ei kyrkje. Det førte henne til Salt.
– Gjennom mykje sliping og forming, skepsis og motstand har eg landa i ei tryggare og meir moden tru. Ei sunn tru som står seg både i medgang og motgang.
Det har også gitt henne eit sterkt ønskje om at Helgatun skal vere ein stad der menneske får senke skuldrene.
– Eg brenn litt for at folk skal få finne kvile. Eg håpar Helgatun kan vere ein stad der menneske får vere, ta imot og kanskje også snakke om tru og livet.
Meir enn ein stad å sove
Det er noko spesielt med sjølve Helgatun, meiner den nye leiaren.
– Tenk at staden er bygd til Guds ære og med ein hensikt! Det gjer meg både audmjuk og stolt.
For Ann Kristin er Helgatun meir enn overnatting, mat og gode senger. Det handlar om menneske.
– Helgatun har ei større hensikt enn berre overnatting og fellesskap. Det sit i veggene. Eg håpar endå fleire, både dei som trur og dei som ikkje trur, kan kome inn dørene og kjenne: Her er det godt å vere.
Ho ser for seg fleire gjester, fleire arrangement og eit Helgatun som er meir synleg og lettare å bruke. Bedrifter på kvardagar, turistar om sommaren, lag og foreiningar – og menneske som rett og slett treng ein pause.
Ho er sjefen. Han er mannen.
Ann Kristin får også med seg mannen Lounes på laget. Det kan kanskje høyrest litt risikabelt ut?
– Eg har faktisk vore leiaren hans før. Dei veit altså litt om kva dei går til.
Samtidig er dei opptekne av å gi kvarandre rom og ha eit liv som ikkje berre handlar om jobb.
– Vi er gode på ulike ting og kan utfylle kvarandre. Han er til dømes mykje betre på ting som tek tid – og på kjøkkenet!
Det siste kan kome godt med på Helgatun.
No inviterer ho oss
Helgatun skal utviklast, men Ann Kristin er tydeleg på at det viktigaste ikkje skal endrast.
– Eg ønskjer å ta vare på hensikta og visjonen til Helgatun. Uansett kor moderne noko blir, er det å følgje Guds hjarte og hensikt det som står seg gjennom alle tider.
Og no ønskjer ho seg medspelarar.
– Snakk om Helgatun. Snakk det opp. Minn folk på å booke Helgatun til ulike høve. Send meg ein e-post eller ring med ein god idé. Gi meg ein klem eller ei oppmuntring når vi møtest.
Og framfor alt:
– Be om at menneske skal kome, og at liv skal bli forandra.
31. oktober–1. november inviterer Helgatun til Helgatunhelga
Det blir fellesskap, musikk, basar, marknad, glimt frå historia og tankar om framtida.
Ann Kristin håpar mange vil ta turen.
– Eg har så lyst til å møte menneske som er glade i Helgatun. Eg ønskjer å dele hjartet mitt for staden – og saman kan vi tru på framtida.
Kanskje er det nettopp det Helgatun treng aller mest akkurat no: menneske som kjem på besøk, fyller huset med liv – og minner kvarandre på kvifor Helgatun finst.
Velkomen til Helgatunhelg!
