Tormod Vistnes har nyleg byrja som pastor i Nainkyrkja på Voss. Med mastergrad i teologi og misjon i bagasjen, erfaring frå kyrkjeplanting og eit sterkt engasjement for disippelskap, håpar han å bidra til at fleire blir kjende med Jesus – og at fleire får bruke gåvene sine i fellesskapet.
Tormod er fødd i Bergen og oppvaksen i Trøndelag. Etter to år på Bildøy Bibelskole gjekk vegen vidare til teologistudium. Våren 2026 fullførte han mastergrad i teologi og misjon. Planen var eigentleg ganske klar: Han ønskte å bli pastor.
Så kom spørsmålet om Voss.
– Då vi fekk spørsmål om det kunne vere aktuelt med jobb i Nainkyrkja, opplevde eg det som eit draumetilbod. Samtidig kom det brått på. Det var viktig for Martine og meg å vere samla om at vi skulle flytte, fortel han.
I dag er Tormod gift med Martine og pappa til Embla på to år. Familien ventar dessutan sitt andre barn, Natanael.
Det var først då ekteparet kjende at dei kunne stå saman i dette, at Tormod sa ja.
– Då opplevde eg at eg gjekk inn i draumejobben, men også at vi gjorde dette saman som familie. Det har vore ein viktig føresetnad.
Ei kyrkje som er forelska i Jesus
For Tormod handlar pastoroppgåva først og fremst om disippelgjering og utrusting.
Han brukar eit bilete som seier mykje om korleis han ser på oppgåva si:
– I det siste har eg tenkt mykje på kyrkja som Jesu brud. Då blir det tydeleg at jobben min er å gjere bruda «forelska» i brudgommen sin – Jesus.
Det handlar om å skape engasjement og beundring for Jesus, men også om å formidle Jesu kjærleik til kyrkja.
– Alt ein pastor gjer, handlar til sjuande og sist om Kristi forsoning på korset og om å formidle dette som gode nyheiter til menneske som vil høyre.
Erfaringa frå kyrkjeplanting har også lært Tormod noko viktig om kva som er hans ansvar – og kva som ikkje er det.
– Vatning og planting er mi oppgåve. Gud er den einaste som kan gi vekst.
Det perspektivet har vore frigjerande.
– Eg har opplevd at ting har gått skeis fordi eg har prøvd å ta på meg ansvaret som berre Gud har, nemleg å gi vekst. Når eg får overlate dette til Gud, kan eg vere tru mot oppgåvene mine, samtidig som eg lever i avhengigheit, takksemd og forventning til at Gud skal gi vekst.
Treng heile Kristi kropp
Tormod er også oppteken av at ein leiar ikkje skal gjere jobben på vegner av alle andre.
– Eg har både styrkar og svakheiter. Eg treng å vere saman med heile Kristi kropp og er avhengig av menneske som er gode på ting eg sjølv synest er vanskeleg.
Difor handlar leiarskap for han mykje om å utruste andre.
– Målet er ikkje å gjere jobben på vegner av alle andre, men å leggje til rette for at heile gjengen kan få tene og bidra med talenta og nådegåvene sine.
Den første tida på Voss har vore god. Familien har funne seg godt til rette, og Tormod trekkjer fram både naturen og menneska som noko av det som har gjort størst inntrykk.
– Vi opplever oss utruleg heldige som får bli ein del av fellesskapet i Nainkyrkja. Vi har blitt skikkeleg godt tekne imot.
Han ser også mange styrkar i kyrkjelyden: Fellesskap på tvers av generasjonane, eit langsiktig perspektiv, erfaring med endringsprosessar og gode ansvarsfordelingar.
– Eg lærer mykje av fellesskapet og opplever at eg har meir å lære enn å lære bort.
Drøymer om ein Kristus-sentrert kultur
Framover håpar Tormod å bidra med forkynning som gjer menneske fortrulege med Bibelen og Jesus. Han ønskjer også å vere med og utruste nye leiarar.
Når han blir spurd om korleis han håpar Nainkyrkja ser ut om fem år, blir svaret litt meir ettertenksamt.
– Eg drøymer om å knekke koden med multipliserande leiarskap og disippelskap. At alle i forsamlinga får sjå seg sjølve som ein del av Jesu kropp, og får bidra med styrkane og talenta sine på konkrete måtar.
Han ser ikkje først og fremst for seg ein stor kyrkjelyd.
– Eg kjem frå ei kyrkjeplanting der eg blei glad i konseptet med mindre fellesskap. Eg drøymer heller om at Nainkyrkja kan vere med og styrkje og fremje ein Kristus-sentrert kultur på Voss.
Og korleis når ein nye menneske?
Tormod trur mykje handlar om å utruste og oppmuntre kvarandre til å vere vitne om Jesus i kvardagen. Samtidig må kyrkjefellesskapet vere ein stad der menneske får erfare kva det vil seie å elske kvarandre.
For når alt kjem til alt, er det éi melding Tormod håpar menneske skal sitje igjen med etter å ha møtt Nainkyrkja:
– Dei gode nyheitene om at Jesus er vegen, sanninga og livet.
