Damehelg – ein flott møteplass for kvinner i alle aldrar
Damehelga på Helgatun 11.–13. september vart ei svært fin helg, med gode tilbakemeldingar både under arrangementet og ved avreise.
Temaet for helga var «Det er makt i de foldede hender». Gjennom bibeltimar og forkynning fekk deltakarane høyre om krafta i bøna.
Herdis Austevoll formidla frå hjartet og rett til hjartet, og bodskapen vart til stor inspirasjon for dei frammøtte.
Laurdag kom det også mange på dagsbesøk frå Voss, og til middagen var heile 76 kvinner samla rundt borda.
Laurdagskvelden var Turid Toft Amenja gjest. Ho delte ærleg og ope frå livet sitt, frå den første jobben på Helgatun og vidare gjennom mange år som misjonær i Kenya. Ei ekte forteljing frå eit liv i teneste vart til stor glede og ettertanke for forsamlinga.
Musikk og song var også ein viktig del av helga. Gruppa «Me tre» frå Voss leia allsongen og bidrog med vakker song gjennom arrangementet.

Helgatun tok godt imot damene og serverte nydeleg mat. Dei gode måltida rundt borda vart ein viktig del av fellesskapet, med tid til samtalar og nye møte.
– Me merka at mykje bøn før og under helga gav mykje velsigning gjennom dagane, fortel arrangørane.
Det vart ei helg prega av fellesskap, glede og inspirasjon – og mange reiste heim med fornya tru på krafta i dei foldede hendene.
Har du lyst til å bli med på neste damehelg?
Damehelg på Helgatun er ein flott møteplass for kvinner i alle aldrar – med tid til åndeleg påfyll, gode samtalar og fellesskap.
Følg med på kommande arrangement, og bli gjerne med neste gong!
