Fokus på å gi i staden for å få

Den gylne kalender skal inspirere både barn og vaksne til å gjere gode ting for andre. Bak kalenderen står Linda og Kristoffer Aase som ønskjer å gi jula eit litt anna fokus.

– Det blir mykje «få, få, få» i jula. Vi ville lage eit kreativt produkt som handlar om å gi i staden for å få, fortel Linda.

Ideen byggjer på den gylne regelen frå Matteus 7,12: «Alt de vil at andre skal gjere mot dykk, skal de òg gjere mot dei.»

Kalenderen har ein konvolutt for kvar dag. Inni finn du ei oppgåve som utfordrar deg til å gjere noko godt for andre. Eit døme er å gi bort ei leike du ikkje brukar lenger, men som har betydd mykje for deg. Ei anna oppgåve er rett og slett å gi nokon eit smil.

Med klistremerke som blir samla gjennom adventstida, veks det fram eit julemotiv på kalenderen. 

Vil utfordre oss til å tenkje på andre

Kalenderen passar særleg godt for skulebarn. Oppgåvene er enkle, men kan også utfordre oss litt.

– Vi treng alle å bli litt utfordra!

Responsen har vore positiv, og målet er å få seld dei 200 kalenderane som er produserte. Prisen er 345 kroner inkludert frakt.

Bak kalenderen står den nystarta verksemda Aase Kreativ. Dersom salet går med overskot, er planen å dele noko av det med IMS.

Vil du vite meir eller bestille kalenderen? 

Besøk https://aasekreativ.com