Det vart ein inspirerande dag på SunnBok då forfattar og pastor Johnny Omdal kom på besøk 1. oktober.

Johnny fortalde om dei tre bøkene han har skrive, og delte tankar om kvifor det framleis er så verdifullt å kjøpe og lese bøker. For dei som sjølve går med ein forfattardraum, hadde han også fleire gode råd å kome med.

Kjetil Fyllingen – bidrog som intervjuar

Korleis finn ein tid til å skrive når ein samtidig skal vere pastor, ektemann og pappa – og i tillegg halde på med oppussing? Johnny delte ærleg frå sin eigen kvardag og om korleis han har fått skrivinga til å bli ein del av livet.

Slikt besøk set vi stor pris på. Det er kjekt å kunne samle menneske rundt gode bøker, gode samtalar og historier som kan inspirere vidare.

Det var også tid til signering av bøker og ein prat med dei som tok turen innom butikken.