400 eksemplar av boka «Hjelp meg å lese Bibelen» skal delast ut til ungdommane på Good News Sunnhordland. Målet er å gjere det enklare å opne Bibelen – og forstå det ein les.

– Det er kjempestas å sjå folk lese boka mi. Men det er endå kulare dersom det fører til bibelglede og bibelforståing, seier forfattar Jon R. B. Håversen.

Håversen har skrive boka «Hjelp meg å lese Bibelen», som er gitt ut av Laget NKSS. Under Good News Sunnhordland blir 400 eksemplar delt ut gratis til deltakarane.

Bakgrunnen for boka er noko Håversen har møtt mange gonger.

– Eg pratar mykje med folk som synest lovsong og bønn er ein naturleg del av kvardagen. Men Bibelen får vi ikkje heilt til. Ein har veldig lyst, men får det ikkje heilt til, fortel han.

Difor ønskte han å lage eit verktøy som kan hjelpe fleire til å få bibellesing inn som ein naturleg del av kvardagen.

Jon underviser om Bibelen på Good News

Skal gi oversikt før ein les

Boka gir ei innføring i alle dei 27 bøkene i Det nye testamentet. Lesaren får mellom anna vite kven som har skrive dei ulike bøkene, kven dei blei skrivne til, og kva situasjon dei oppstod i.

– Det er verdifullt å vite litt om kven Matteus skriv til, eller kven galatarane og efesarane er, før ein går i gang med lesinga, seier Håversen.

Han meiner slik bakgrunnsinformasjon kan opne opp Bibelen på ein ny måte.

– Ein ser kanskje noko ein ikkje har sett før. Det er kjempekult når ein blir litt overraska av bibellesinga.

For Håversen handlar bibellesing først og fremst om å bli betre kjend med Jesus og få ei ramme for livet.

– Bibelen kan gi ei enormt god ramme for både dei store vala og kvardagen. Det å starte dagen med eit møte med han som seier «Kom til meg, du som strevar og ber tunge byrder», er ein fantastisk måte å starte dagen på.

Han peikar også på at Jesus er sjølve sentrum i Bibelen.

– Jesus gjennomsyrer absolutt alt. Det var noko av det eg blei mest overraska over då eg arbeidde med boka. Han er så utruleg til stades i heile Det nye testamentet.

Markus Lønning Hystad leier ei gruppe ungdommar som skal i gang med å lese boka.

– Gjer det lettare å forstå

For ungdommane på Good News kan boka bli eit praktisk hjelpemiddel.

Markus Lønning Hystad går på Bergen Bibelskole og har tatt med seg 17 medelevar til Good News. Han meiner boka kan vere nyttig for mange.

– Bibelen kan vere litt tung, og då kan boka hjelpe deg til å forstå meir av det du les og få betre oversikt før du begynner, seier han.

Han er heller ikkje den einaste som opplever at ei slik bok kan senke terskelen for bibellesing.

Olivia Andås meiner boka særleg kan vere nyttig for dei som er nye i kristen tru.

– Det blir lettare å begynne å lese når du har ei oversikt over kva du skal lese. Du kan setje deg inn i det før du begynner.

Ho trekkjer også fram at boka blir gitt bort gratis.

– Det er veldig fint at også dei som kanskje ikkje har råd, får eit hjelpemiddel til å lese Bibelen.

Hallen var full av ungdommar som ønskjer å bli betre kjende med Bibelen.

Ønskjer bibelglede

Håversen fortel at det allereie er stor interesse for boka. Dei 5000 første eksemplara er utselde, og eit nytt opplag er venta om kort tid.

Men på Good News er det ikkje sal som står i sentrum. Her får ungdommane boka som ei gåve.

Og ønsket er enkelt: At fleire skal få frimot til å opne Bibelen, forstå det dei les – og oppdage Jesus i tekstane.

– Heile målet med boka er å fasilitere for at fleire kan gjere bibellesing til ein del av kvardagen, seier Håversen.

På Good News Sunnhordland handlar det dermed ikkje berre om å fortelje ungdommane om Bibelen. Dei får også med seg eit konkret verktøy som kan hjelpe dei vidare når festivalen er over.

Jonathan Bathgate er klar for å dele ut boka – Hjelp meg å lese Bibelen