Ny utgåve av Venen er no på nett

Den nyaste utgåva av Venen er no publisert på nett. I haustnummeret møter du sterke historier, aktuelle glimt frå IMS-familien og inspirasjon til vidare arbeid for å gjere Jesus kjent i Sunnhordland, Hardanger og Voss.

På framsida finn vi eit bilete frå den aller første Good News Sunnhordland, ein ungdomsfestival som samla over 500 deltakarar og skapte stor respons blant ungdommane.

I bladet kan du mellom anna lese:

  • Kvifor IMS vart stifta, og kvifor arbeidet framleis er viktig over 160 år seinare.
  • Historia om Amanda Hauge og den gåva som gjorde Brandøy leirstad mogleg, no når Brandøy markerer 60 år.
  • Eit portrettintervju med Ann Kristin Åkerlund Riise, ny dagleg leiar på Helgatun.
  • Korleis SunnBok opplever ny giv etter flytting til nye lokale og aukande besøkstal. 
  • Møt Tormod Vistnes, den nye pastoren i Nainkyrkja på Voss.
  • Nytt frå Framnes, ConTeenNew, leirar og mykje meir frå arbeidet rundt om i regionen.

Venen ønskjer å formidle historier om menneske, fellesskap og det Gud gjer i regionen vår. Vi håpar bladet kan vere både oppmuntrande, utfordrande og inspirerande for alle som står saman om oppdraget.

Les den nye utgåva av Venen på nett i dag!