I dag startar Good News Sunnhordland i Nye Hallen i Stord Idrettspark. Akkurat no går det i eitt for arrangørane og dei mange frivillige som jobbar på spreng for å få alt klart til det første møtet klokka 19.00.

Det riggast, testast, pyntast og gjerast klart. Snart skal hundrevis av ungdommar og unge vaksne frå heile Sunnhordland fylle hallen.

– Forventninga akkurat no er at dette skal bli noko som klarer å samle heile regionen. Det blir dødsbra og sterkt å sjå, seier Magnus Balchen, som saman med Hilde Kristin Teigland står i bresjen for den nye kristne ungdomsfestivalen.

Rundt 300 personar er allereie påmelde. Festivalen blir arrangert 18.–20. september og er open for ungdom og unge vaksne frå heile regionen.

Elias Karlsen er ein av mange som bidrar som frivillig!

Mange frivillige i sving

Det er ikkje berre arrangørane som står på. Ei rekkje frivillige og lokale aktørar bidreg for å få Good News Sunnhordland til å bli ein realitet.

I kaféen jobbar Lars Jarle på spreng for å få maten klar til svoltne deltakarar som snart kjem inn dørene.

På den tekniske sida er Eirik Stensland i full gang med å få lyd og utstyr på plass. Han har hendene fulle med testing og finjusteringar før møta kan starte.

Bak lyd og lys, og mykje av det tekniske rundt konferansen, står Andreas C. Våge frå Våge Multimedia AS.

Også bokhandelen SunnBok blir ein del av festivalen. Med Silje Fyllingen i spissen riggar dei butikk, der ungdommane kan kjøpe god kristen litteratur – og ulike klede med kristent bodskap.

– Vi ønskjer at dette skal vere noko meir enn berre ein festival. Vi ønskjer å samle folk og vise at vi er mange som trur på Jesus, seier Hilde Kristin Teigland.

Jesus i sentrum

Gjennom helga blir det møte, lovsong, forkynning, seminar og ulike aktivitetar. Målet er å skape ein arena der ungdommar kan søkje Jesus saman med andre.

– Forhåpentlegvis får du oppleve korleis det kan vere å søkje Jesus i fellesskap. Å kome saman og sjå fleire kristne, og sjå at vi er mange, seier Teigland.

Arrangørane håpar også at dei som ikkje kjenner Jesus, skal få høve til å ta eit steg nærmare trua.

Laurdag kveld blir det The Send Experience i Nye Hallen. Arrangementet startar klokka 19.00 og er gratis og ope for alle generasjonar.

Her står lovsong, inspirasjon og forkynning sentralt, med fokus på korleis kristne kan gjere Jesus kjend i nabolaget sitt, på skulen, på arbeidsplassen eller i andre delar av verda.

– Ut frå å kjenne Jesus skal han gjere Jesus kjend. Det er det The Send handlar om, seier arrangørane.

Men først skal dei få hallen klar.

Og medan ungdommar og unge vaksne snart strøymer til Nye Hallen, er det framleis full aktivitet blant dei som har planlagt festivalen.

– Det blir nok litt kål og rot også. Dette er første gong vi gjennomfører noko slikt, så det blir spennande å sjå den praktiske biten, smiler Balchen.

Det viktigaste er likevel klart: Good News Sunnhordland er i gang – og arrangørane ønskjer alle velkomne til ei helg med fellesskap, tru og Jesus i sentrum.

Good News Sunnhordland blir arrangert 18.–20. september i Nye Hallen i Stord Idrettspark. Første møte er fredag klokka 19.00.