Det er med stor glede me vil informera om at Kjetil Fyllingen blir ny dagleg leiar i IMS frå august av.
Mange kjenner Kjetil frå indremisjons-samanheng. Han er vaksen opp i Sagvåg, og var i barne- og ungdomsåra med på det meste av det som skjedde på bedehuset. Ofte var han på leir på Brandøy, og har gode minne med gode leiarar som kunne ta av i sketsjar og leikar, men som og peika på Jesus på ein trygg og god måte.
Etterkvart vart det Bildøy Bibelskole, og eit år i indremisjonsTeam. Kjetil har også arbeidd som barne- og ungdomsarbeidar i Midthordland Indremisjon, og vore ungdomssekretær i Sunnmøre Indremisjon. Frå 2016 har han vore tilsett i Tro og Medier, der han m.a. har arbeidd med nettevangelisering. Kjetil produserer eigne podkastar; SunnhordlandsPodden og Ekteskapspodden er gjerne mest kjent. Det kan og koma godt med at han har bachelor i kommunikasjon og livssyn frå NLA Høgskule.
Kjenner på djup takksemd
På spørsmål om kva som motiverte til å søkja på stillinga, seier Kjetil at han kjenner på djup takksemd for alt han sjølv har fått gjennom indremisjonen – menneske, fellesskap og tru som har forma livet. Spesielt Brandøy, leirarbeidet og leiarane på bedehuset har betydd mykje.
Det motiverer meg til å vera med å leggja til rette for at nye generasjonar kan få oppleva det same, seier Kjetil.
Kjetil ser fram til å få stå saman med medarbeidarar og frivillige rundt om i IMS – og vera med og styrkja arbeidet som peikar på Jesus, byggjer fellesskap og gjer ein forskjell i menneske sine liv. IMS har ei rik historie som me kan bygga vidare på.
IMS driv eit stort og viktig arbeid, der behova og forventningane er mange. Kjetil seier at å prioritera rett og finna gode vegval i ei tid med endring kan vera krevande – men også meiningsfullt når ein får gjera det saman med andre.
Kjetil bur i Sagvåg, er 48 år og gift med Silje. Dei har fire barn på veg inn i ungdoms- og vaksenlivet. Kjetil er også styreleiar i ImF Stord.
Me gler oss til Kjetil skal tiltre stillinga, og ønsker han varmt velkommen.