Kvifor er me så forskjellige?

Du kjenner kanskje namna og ansikta til dei som jobbar i IMS. Men kvifor tenkjer me så forskjellig? Kvifor elskar nokon Excel-ark, medan andre får nye idear før frukosten er ferdig? 

På stabsdagane i august tok heile staben personlegdomstesten på 16personalities.com. Ingen test kan forklare eit heilt menneske, og ikkje alt traff like godt. Men testen gav oss mange gode samtalar, litt sjølverkjenning og ein del latter. 

Resultatet? Me er ganske forskjellige. Og godt er kanskje det. 

Guri vart klassifisert som Logistikar (ISTJ). Ho er typen som får ting til å fungere. Struktur, orden og ansvar er ikkje berre fine ord, men noko ho faktisk likar. Når resten av staben får kreative innfall, er det betryggande å vite at nokon hugsar fristar, budsjett og kva som faktisk må gjerast. 

Eirik er ein Virtuos (ISTP). Han likar å finne ut korleis ting fungerer, og endå betre: korleis dei kan fungere litt betre. Praktisk, løysingsorientert og sjølvstendig. Dersom noko stoppar opp, er sjansen stor for at Eirik allereie har funne ei løysing før resten av oss har forstått problemet. 

Linda er ein Aktivist (ENFP). Ho ser moglegheiter overalt, er oppteken av menneske og blir lett engasjert av gode idear. Når Linda får ein tanke, er det ikkje usannsynleg at ho alt har sett føre seg ti nye prosjekt før møtet er over. 

Lise Marie fekk typen Forsvarar (ISFJ). Ho er varm, lojal og omsorgsfull, og har eit eige blikk for menneske som treng å bli sett. Slike personar er gull verdt i alle fellesskap. Dei skaper tryggleik utan å krevje merksemd. 

Marit er ein ekte Underhaldar (ESFP). Livsglad, sosial og flink til å skape god stemning. Nokre menneske kjem inn i eit rom og fyller det med energi. Marit er ein slik person. Ho minner oss på at arbeid og glede ikkje treng vere motsetningar. 

Kåre Johan vart klassifisert som Eventyrar (ISFP). Kreativ, varm og lite oppteken av å passe inn i faste boksar. Han trivst når det er rom for spontanitet, og har ei eiga evne til å sjå menneske og verdiar som andre kan oversjå. 

Og så har me Kjetil, som fekk typen Arkitekt (INTJ). Strategisk, analytisk og stadig på jakt etter nye idear og betre løysingar. Han likar å sjå det store biletet, tenkje framover og stille spørsmål ved ting som «alltid har vore slik». Til tider sikkert litt slitsamt for dei andre. 

Så kva lærte me?

For det første at Gud ser ut til å like mangfald. For det andre at det truleg er ein fordel at ikkje alle er like. Dersom heile staben berre bestod av arkitektar, hadde me kanskje hatt mange planar, men få gjennomførte arrangement. Dersom alle var underhaldarar, hadde me hatt det veldig kjekt, men kanskje gløymt referatet. Og dersom alle var logistikarar, hadde alt vore imponerande godt organisert, men kanskje litt mindre spontant. 

Heldigvis har IMS plass til både struktur og kreativitet, planlegging og entusiasme, detaljar og visjonar. 

Og sjølv om ein personlegdomstest berre fortel ein liten del av historia, minner han oss om noko viktig: Gud brukar ulike gåver, ulike personar og ulike måtar å vere menneske på. 

Har du lyst til å bli betre kjend med staben i IMS? 

Me set stor pris på ein prat! Ta gjerne kontakt, slå av ein prat når du møter oss på eit bedehus, eller kom innom kontoret for ein kaffikopp. Me er ulike personar med ulike gåver, men alle deler den same visjonen om å gjere Jesus kjent. Me gler oss til å bli betre kjend med deg!