Marit Stokken Berland og Jarle Berland legg ut på nye møteveker i IMS. Dei håpar å samla både unge og eldre, og meiner møteveker framleis har mykje å seia.

Onsdag 14. oktober startar ekteparet Berland ei møteveke i Uskedalen. Der blir det kveldsmøte onsdag, torsdag og fredag klokka 19.00. Laurdag ettermiddag er det basar, før møteveka blir avslutta med møte søndag klokka 11.00.

Veka etter går turen vidare til Tørvikbygd. Møta der startar onsdag 21. oktober. 

Gler seg til å møta gamle kjende

Marit og Jarle håpar å treffa folk i alle aldrar.

– Vi håpar å treffa både små og store, unge og eldre. Vi synest det er veldig kjekt når heile familien kjem på møte, fortel dei.

Marit har vore mykje rundt i bygdene tidlegare, og ser fram til å møta igjen menneske ho har delt trua med gjennom mange år.

Ho trekkjer særleg fram ei møteserie i Rosendal i 1981, der dei opplevde at fleire kom til tru.

– No gler eg meg til å treffa folk eg møtte allereie den gongen. Nokre av dei som blei kristne då, lever framleis. Det er ekstra kjekt å møta igjen menneske ein har møtt Jesus saman med, seier ho.

– Møteveker er ikkje passé

I ei tid der mange kristne fellesskap har færre møte enn tidlegare, meiner ekteparet at møtevekene framleis har ein viktig plass.

– Er ikkje møteveker litt passé? Nei, nei, nei! Det er heilt feil. Vi elskar det. Det er kjempebra med møteveker, seier dei engasjert.

– Når vi har fleire møte etter kvarandre, arbeider Jesus blant oss på ein annan måte enn når det berre er éin kveld. Vi blir bearbeidde av Ordet, og det skjer noko både med den enkelte og med forsamlinga.

Fekk ei viktig påminning

Marit fortel om ei oppleving frå ei møteveke på ein stad der dei ikkje hadde hatt møteveke på ti år.

Etter det siste møtet kom ei ung mor bort til henne.

– Ho spurde: «Kvifor i all verda har vi ikkje hatt møteveke her på lenge?»

Kvinna fortalde at ho for første gong på ti år hadde kjent at Guds ord verkeleg byrja å gjera noko med henne. Det hadde vekt eit ønske om å invitera andre med på møte.

– Det var ei veldig tankevekkjande oppleving som eg har teke med meg vidare, fortel Marit.

For ekteparet Berland handlar møteveker derfor om meir enn talet på samlingar. Dei ønskjer å leggja til rette for at menneske skal få møta Jesus, veksa i trua og få frimod til å invitera andre.

No håpar dei at mange vil nytta høvet til å koma på møta i Uskedalen og Tørvikbygd dei komande vekene.