Korleis kan kristne bevare Åndens eining i ei tid prega av både teologiske brytingar og eit stadig sterkare kulturelt press? Det var hovudtemaet då Evangeliealliansen samla kristne leiarar til Lederdag i Bergen 23. september. Frå IMS deltok Bernt Arild Gjøvåg og Kjetil Fyllingen.

Gjennom to innlegg frå Bjarte Ystebø og Daniel Sæbjørnsen vart deltakarane utfordra til å reflektere over kva kristen eining eigentleg er, og korleis kyrkja kan halde saman i truskap mot evangeliet.

Eining som er djupare enn samarbeid

Bjarte Ystebø tok utgangspunkt i spørsmålet om skiljet mellom samarbeid og åndeleg eining. Han peika på at kristne kan samarbeide i mange samanhengar, både kyrkjepolitisk, sosialt og samfunnsmessig, utan at dette nødvendigvis er det same som åndeleg eining.

Samtidig understreka han at den kristne eininga har sitt opphav i Gud sjølv og er noko kyrkja er kalla til å bevare, ikkje skape. Han løfta fram korleis skiljelinjene i kristen-Noreg har endra seg dei siste tiåra. Der spørsmål som dåp og kyrkjesamfunn tidlegare var dei store skilja, handlar mykje av debatten i dag om bibelsyn og truskap mot Guds ord.

Ystebø peika også på at kristne leiarar må forstå tida dei lever i og stå fast på evangeliet i møte med ytre press. Samstundes understreka han at sanning må gå hand i hand med kjærleik og audmjukskap.

– Åndeleg eining handlar ikkje berre om lære og standpunkt, men også om korleis vi møter kvarandre. Vi må stå saman og ha kvarandre sitt beste for auge, sa han.

Eining forankra i Kristus

Daniel Sæbjørnsen tok utgangspunkt i Efesarbrevet 4 og gav ei bibelsk utlegging av uttrykket «Åndens eining». Han understreka at eininga mellom kristne spring ut frå den treeinige Gud og frå frelsa i Jesus Kristus.

Han peika på at Paulus kallar dei truande til å bevare Åndens eining gjennom audmjukskap, mildskap, tålmod og kjærleik.

– Den største trusselen mot eining er ofte ikkje teologiske skilnader, men stoltheit. Den viktigaste nøkkelen til eining er audmjukskap, sa han.

Sæbjørnsen løfta fram at kristen eining aldri kan skiljast frå sanninga i evangeliet. Samtidig åtvara han mot å halde fram sanning utan kjærleik.

– Sanning utan kjærleik blir hard. Kjærleik utan sanning blir retningslaus. Bibelen kallar oss til å halde desse saman, sa han.

Felles utfordring

Gjennom dagen vart deltakarane utfordra til å reflektere over korleis kristne kan stå saman om evangeliet i ei tid med polarisering både i samfunnet og i kyrkja. Trass i ulike innfallsvinklar peika begge innleiarane mot det same: Åndens eining er forankra i Kristus, og blir bevart når kristne held fast på både sanning og kjærleik.