Stor interesse for marknaden på Helgatun
Det var både søtsaker, strikkevarer, naturleg hudpleie og brukskunst å finne då marknaden opna dørene under Helgatunhelga 2026. Mange utstillarar hadde teke turen for å vise fram og selje eigne produkt, og interessa frå dei frammøtte var stor.
Marknaden baud på eit variert utval. Her kunne ein både sikre seg noko godt til kaffien, finne julegåver eller oppdage handlaga produkt med ei lokal historie bak.
VossaSkadle med hundrevis av luer på marknaden
Ein av utstillarane var Kari Anne Lid Veka frå Voss, som står bak VossaSkadle Heimestrikka. Ho hadde med seg eit stort utval luer og pannebånd – alt strikka for hand.

– Eg har strikka tusenvis, men eg har ikkje telt, fortel ho med eit smil.
Namnet VossaSkadle har ei lokal forklaring. Kari Anne kjem frå Voss, og «skadle» er eit heilt vanleg ord der. Ho hadde med seg fleire hundre luer og pannebånd til marknaden. Ei lue kan ho strikke på ein ettermiddag, men arbeidet er ikkje ferdig før ho også har fått på plass fleecefôr. Det må nemleg syast for hand.

– Eg synest det er veldig kjekt å vere her. Det er masse folk, og eg har sakna marknaden på Helgatun, seier ho.
Hudpleie med utgangspunkt i garden
Tonje og Silje frå Voss hadde med seg produkt frå Symre. Dei lagar naturleg hudpleie med utgangspunkt i råvarer frå eigen gard. I tillegg hadde dei med seg mellom anna syltetøy, urtesalt og krydder.

Eit spesielt kjenneteikn ved hudpleieprodukta er at dei brukar talg frå eigne dyr, kombinert med urter som dei plukkar og tørkar på garden.
Produksjonen krev mykje arbeid. Talgen må reinsast fleire gonger over fleire dagar før han kan brukast i kremane.
– Det er ein lang prosess frå oppfostringa av dyra til det blir ferdig krem, fortel dei.
Produkta har vore på marknaden i fleire år, og blir selde gjennom både gardsbutikkar og nisjebutikkar rundt om i landet.

Søte freistingar frå Voss
Det var også mykje godt for dei som hadde sansen for søtsaker. Szymon Trojankowski representerte familieverksemda Agatas Søte Saker, som mellom anna hadde med seg heimelaga cookies og gule bomber.

Gule bomber består av mandelkjeks med gul krem, inspirert av den kjende suksessterta. Dei kjem både i ein variant utan sjokolade og ein der delar av kaka er dyppa i sjokolade.
Cookies-utvalet baud på fleire freistande variantar, mellom anna med Non Stop, salt karamell og Nutella. Det fanst også glutenfrie alternativ og cookies utan tilsett sukker.
Det er mor Agata som står for bakinga, medan resten av familien hjelper til med sal og distribusjon.
Også Joanna Jacuk, nestleiar på Helgatun, hadde latt seg freiste.
– Eg har kjøpt kjempegode megacookies frå Agata. Ho er kjempeflink til å lage søtsaker. Eg anbefaler dei hundre prosent!

Stor interesse for marknaden
For Helgatun var det ekstra kjekt å sjå at så mange tok turen innom marknaden.
– Vi har tenkt på å arrangere eit slikt marknad lenge, men det har aldri blitt noko av. Derfor er vi kjempeglade for at vi fekk det til, og for at interessa har vore så stor. Det er kjempekjekt å sjå så mange folk her, seier Joanna Jacuk.
Marknaden vart eit fint innslag under Helgatunhelga. Han gav lokale og regionale produsentar høve til å vise fram det dei driv med, samtidig som gjestene fekk ein ekstra grunn til å ta ein runde mellom utstillarane.
Her var det rom for både handel og inspirasjon – og kanskje vart det også med heim ei julegåve eller to.

