Nyleg gav vår eigen Marit A. Røen ut bok, skrevet av Marit V. Lindekleiv, med glimt frå livet hennar. Mykje av denne historia utfaldar seg i IMS-land og i teneste som evangelist hjå oss. Boka heiter «Ei fargerik perle i farta» -historia om Marit Helen Andresen Røen. Boka om Marit, «fyrverkeri-evangelisten» gjennom 50 år, har blitt til i skjæringspunktet mellom to fokus som heng nøye saman: Forfattaren sitt hovudfokus, som har vore å spegle Marit sitt fartsfylte liv- og Marit sitt hovudmål, som har vore å spegle Jesus! Måtte kvar einskild lesar få eit varmt møte med dei begge!
Treng du lesestoff i sommar så vil me varmt anbefala denne boka. Du får tak i boka på Sunnbok i Torgbakken 10 på Stord, eller på nett HER. Du finn også mykje anna godt hjå Sunnbok, i butikk eller på Sunnbok.no. Tips: finn du ikkje boka di i sortementet så spør gjerne etter den så hjelper Sunnbok deg å skaffa den.