SunnBok har flytta butikken inn på Good News Sunnhordland. Her er det særleg éin ting ungdommane er på jakt etter: klede med kristne bodskap.
Det er livleg rundt SunnBok-butikken i Nye Hallen denne helga. Ungdommar stoppar opp, kikkar på utvalet, prøver klede og tek med seg både bøker og andre ting heim.
– Det er så kjekt. Eg berre smiler, frå inst til ytst. Det er veldig stas, fortel Silje Fyllingen, som står bak SunnBok-butikken på festivalen.
Og det er særleg kleda som trekkjer ungdommane til butikken.
Genserar med bodskap
Gensere frå Rejoice Always er blant det som går mest unna. Elles er det eit godt utval av klede med kristne tekstar og bodskap.
– Kanskje det er litt stilig design, og så er det fleire som går med dei. Når fleire går med det, blir det gøyare. Det har blitt ei greie, trur eg, seier Fyllingen.
På fleire av plagga står det «Rejoice Always», medan andre har bodskap som «Jesus is King».
Kleda frå Rejoice Always er designa av Julie Kroslid.
Men SunnBok har sjølvsagt meir å by på enn klede.

Biblar, bøker og smykke
I butikken finn ungdommane også Biblar og bøker, mellom anna bøkene til Thomas Neteland.
I tillegg sel SunnBok ulike smykke og andre kristne produkt, som korssmykke, gripekors og øyrepynt.
Interessa for bøker er der også, sjølv om kleda akkurat no ser ut til å vere enklare å selje.
– Ja, nokre er interesserte i bøker òg. Men det er kanskje ikkje det som går mest. Der må vi jobbe litt meir enn med kleda, seier Fyllingen.
For ein bokhandlar er det likevel noko heilt spesielt med å sjå ein heil hall full av ungdommar som faktisk ønskjer å ta med seg kristne bøker, Biblar eller andre produkt heim.
Og kanskje er det nettopp noko av det Good News handlar om: Å la trua få ta plass – også i kvardagen.
Denne helga skjer det i alle fall mykje rundt SunnBok i Nye Hallen.
Og Silje Fyllingen? Ho smiler.
– Det er veldig stas.

