Det er stor forventning i Stord Idrettspark. For første gong samlar Good News Sunnhordland ungdommar frå ulike kyrkjer og forsamlingar til ei heil helg med Jesus i sentrum.Fredag kveld opna Good News Sunnhordland dørene i Nye Hallen i Stord Idrettspark. Fleire hundre ungdommar og unge vaksne frå heile regionen er samla til festivalen, som blir arrangert for første gong.Blant dei som har møtt opp, er leiarar frå fleire av forsamlingane som står bak satsinga. Dei er tydelege på at Good News handlar om meir enn eit enkelt arrangement.– Det er spenning i lufta. Stor forventning. Det er fantastisk å sjå kor mange ungdommar som blir mobiliserte og kjem på Good News, seier Jan Sigve Hystad, pastor i Kristent Fellesskap.

Jan Sigve Hystad

Éi kyrkje – mange forsamlingar

For Hystad er det å stå saman på tvers av forsamlingane ein viktig del av det som skjer.– Det handlar om Guds rike. Gud har éi kyrkje og éin familie. Så viss vi ikkje kan vere saman her, korleis skal det då bli i himmelen?Han meiner Good News kan vere ein konkret stad der dei ulike kristne miljøa får øve seg på nettopp dette.– Vi må begynne her. Elske kvarandre, framsnakke kvarandre og stå saman.Også Gunn Kari Rydland Fjelltun frå Credokirken Stord gler seg over å sjå ungdommar frå ulike samanhengar samla.– Dette her er heilt rått. Så masse ungdommar i ulike aldrar. Frå dei heilt unge til litt opp i 20-åra. Veldig, veldig gøy, seier ho.Ho har først og fremst forventning om at ungdommane skal få møte Jesus.

– Ein forandra kvardag

Fjelltun meiner det har stor verdi sjølv om mange av ungdommane som deltek, allereie er kristne.– Viss alle desse ungdommane får eit skikkeleg møte med Jesus, blir kvardagen deira forandra.Ho peikar også på ringverknadene eit slikt møte kan få.– Viss kvar av desse ungdommane får eit møte med Jesus, vil dei dele han med vennene sine. Då kan vi nå mange ungdommar på veldig kort tid.Samtidig håpar ho at festivalen også skal nå ungdommar som ikkje kjenner Jesus.– Vi ønskjer sjølvsagt at det kjem mange som ikkje kjenner Jesus, eller som ikkje har høyrt om han.

Ulike båtar – same hamn

At ungdommar frå ulike forsamlingar møtest, meiner Fjelltun er ein viktig del av biletet.– Det står i Bibelen at dei skal sjå at dei kristne elskar kvarandre. Vi er i ulike fiskebåtar, men vi fiskar til éi hamn.Også Knut Arve Nordfonn frå Kristkyrkja Stord har store forventningar til helga.– Eg har veldig store forventningar. Det er gjort eit så bra grunnarbeid, og eg har store forventningar til kva Gud skal gjere.Han trur også at mange ungdommar står litt på gjerdet og vurderer om dei skal delta.– Det er mange som står og vurderer: Skal, skal ikkje? Første kvelden blir nesten ein liten test på korleis resten av helga blir.Rundt 320 ungdommar er registrerte til festivalen.

Håpar på meir enn ei helg

For Nordfonn er Good News også eit høve til å byggje vidare på fellesskapet mellom ungdommane.– Det er eit privilegium, og det er kjempekjekt å stå i lag. Ungdommane kan møtast og bli sveisa endå betre saman, på tvers av forsamlingane.Han håpar festivalen kan bli starten på noko som varer lenger enn denne helga.– Dei kjem til å få seg ein boost og bli gira. Så får vi sjå om vi greier å følgje opp med kurs, integrere dei i forsamlinga og ha enkelte felles arrangement igjen, som lovsongskveldar og andre ting som kan inspirere dei vidare.For dei tre leiarane er det dermed ikkje berre sjølve festivalhelga som står i sentrum. Dei håpar Good News kan gi ungdommane både eit sterkare fellesskap og ei djupare tru – og at det dei opplever denne helga, får følgjer når dei går tilbake til skulen, vennene og kvardagen.I Nye Hallen er det no lovsong, forkynning, latter og forventning.

Good News Sunnhordland er i gang.