I år vert Haustmøtehelga på Leirvik bedehus, og er eit samarbeid mellom IMS, Horneland Indremisjon og ImF Stord.
Hovudtalar er Alexis Lundh, tilsett i Tro og Medier og leiar i HeltFri.net.

Endeleg Fredag kl. 20.00 vert første samling. I tillegg til Alexis vert Kenneth Stenbråten med og syng, og vi nyt ein rikhaldig salatbuffét!

Laurdag vert det samling kl. 11.00 og kl. 13.00. Alexis talar på begge samlingane og John-Inge Rolfsnes har ansvar for lovsongen. På første samlinga vert Ragnhild Nesse med på solosong, og John-Inge syng for oss på den siste samlinga. Mellom samlingane vert det sal av graut.

Søndag vert det møte med Alexis som talar og Simen Elias Teigland har ansvar for lovsong. Det vert eiga samling for borna.

Hjarteleg velkommen til dei ulike samlingane!

Fullstendig program for helga finn du her