Men Marta hadde det så travelt med alt ho skulle stella til. Og ho gjekk bort til dei og sa: «Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vera tenar åleine? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.» Då svara Herren: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. Men det er eitt som er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.»

Lukas 10, 40-42

Det nærmar seg. Snart er 24. desember her. Julemat, juleselskap, julebesøk, julekaker, julegåver, julepynt, julevask, julekort, – lista er lang. Alt skal vera på stell og leggja til rette for ei strålande bursdagsfeiring. Det er flott at me kan pynte litt ekstra, bruke litt meir tid på å ha god mat og eit reint hus. Men her, midt i innspurten av juleførebuinga, kjem ein invitasjon til deg. Du er velkommen til å stoppe opp. Sett deg ved Jesu føter og kvil deg litt. Jula er ingen unntak frå at du kan få kaste alle dine bekymringar på Han.
Han har omsorg for deg, og i dag kan du få velja den gode del.