Bli fast gjevar til IMS

Ver med og bygg Guds rike i Sunnhordland, Hardanger og Voss

Indremisjonssamskipnaden ønskjer å gjere Jesus kjend og elska gjennom forsamlingar, møteplassar, fellesskap og arbeid for barn, unge og vaksne.

Samtidig veit vi at ingen står åleine i denne tenesta. Alt arbeidet vårt er avhengig av menneske som vil vere med og ta ansvar, også gjennom økonomisk støtte.

Gjennom eit nært samarbeid med forsamlingane våre ønskjer vi å styrkje og utvikle misjonsarbeidet i heile regionen. Vi trur det finst store moglegheiter framover, og vi drøymer om å kunne gjere meir av det Gud kallar oss til.

For å nå desse måla er vi avhengige av mange som vil stå saman med oss som faste gjevarar.

Bli med du òg  

Som fast gjevar vel du sjølv eit beløp som blir trekt automatisk kvar månad. Små og store gåver er like viktige. Det handlar ikkje først og fremst om kor mykje ein gir, men om å vere med og ta del i eit felles oppdrag.

Fast gjevarteneste gir:

  • enkel og trygg månadleg giving
  • føreseielege inntekter som styrkjer planlegginga av arbeidet
  • moglegheit for skattefrådrag på gåvene dine
  • ei konkret måte å vere med og støtte misjonsarbeidet på

Opprett fast gjevarteneste

Den enklaste måten å bli fast gjevar på er gjennom den digitale portalen vår.
Der kan du sjølv velje beløp, trekkintervall og oppstartsdato. Du kan òg administrere avtalen din gjennom «Mi side» på ImF sine nettsider.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med:

Guri Bjørnevik
Kontorsekretær

📞 53 41 07 04 / 40 45 82 55
✉️ post@indremisjonen.no


Gje ei enkeltgåve

Ønskjer du å støtte arbeidet med ei enkeltgåve?

Det set vi stor pris på.

Vipps

📱 #102696

Bankkonto

🏦 8220.02.80454

Gåveportal

👉 Gje gåve her

Dersom du gir gjennom gåveportalen og registrerer fødselsnummeret ditt, kan gåva gi rett til skattefrådrag.

Takk for di støtte

Kvar gåve er med på å gjere det mogleg å forkynne evangeliet, styrkje forsamlingane våre og skape møteplassar der menneske kan bli kjende med Jesus. Takk for at du er med og ber, støttar og byggjer saman med oss.