ConTeenNew – konfirmasjon gjennom IMS?

Det første konfimantkullet i IMS konfirmerte seg våren 2018. Sidan den tid har IMS tilbudt konfirmasjon til ungdommar i kretsen vår. Her finn du det du treng å vita om ConTeenNew og konfirmasjon i IMS. Dersom du lurar på noko meir så spør gjerne Eirik Stensland (932 88 586; eirik.stensland@indremisjonen.no).

ConTeenNew uttalast som det engelske «continue», som tyder fortsettelse, og byggjer vidare på den grunnmuren som er lagt i forsamling og heim. ConTeenNew vart i utgangspunktet oppretta for å ha eit tilbod til dei som vart innmeld i IMF-trussamfunn, men me ynskjer også at ConTeenNew skal kunne vera eit alternativ til alle komande konfirmantar i vår krets. Når du meldar deg på som konfirmant så vil du få ein e-post der me ynskjer deg velkommen som konfirmant og med meir spesifikk informasjon om konfirmasjonsåret som ligg føre.

For konfirmanten:

Ønskjer du bli betre kjend med
Jesus? Har du lyst å forstå kvifor
Gud skapte deg? Vil du læra
meir om kven Den Heilage
Ande er? Ønskjer du bevis
for at Gud finnest? Og ikkje
minst – ønskjer du at Jesus
skal være Herre i livet
ditt og fylgje Han?
Gjennom ConTeenNew
vil du kunne
fortsetje di
vandring med
Jesus.

For føresette:

ConTeenNew blir uttala som engelsk continue («fortsetjing» på norsk) og signaliserar at konfirmantane byggjer vidare på grunnmuren frå oppveksten. Dei skal få erfara at Guds ord er levande og verkekraftig. Dei blir betre kjent med og glad i Jesus, blir visse på at Guds nåde blir gitt på ny og på ny.

 

 

 

For forsamlinga:

Konfirmantane  i ConTeenNew vert oppfordra til å engasjere seg i si lokale forsamling / foreining. Og, som eit synleg teikn på støtte og velsigning, oppmodar me konfirmantane si lokale forsamling / foreining om å gje dei ein bibel til bruk både i konfirmasjonstida –
og i livet med
Jesus etterpå.

 

 

 

Pris for å delta på ConTeenNew?

ConTeenNew har ei deltakaravgift på kr. 1500
ConTeenNew har to helgeturar der me reiser til ein stad i nærleiken. Her har me havna mellom 500 og 1000 kroner tilsaman for begge helgene, per konfirmant.
ConTeenNew har ein misjonstur i vinterferien. Den kostar maks 3000, men har pleid å ligge noko under.

Dette gjev ein pris på mellom 5000-5500 kroner totalt for heile konfirmasjonsåret.

Kva får eg som konfirmant i ConTeenNew?

Som konfirmant i ConTeenNew får du undervisning over 18 ulike tema som handlar om grunnleggande kristen tru.
Du får møta andre konfirmantar som, etter vår erfaring, velger ConTeenNew fordi dei vil lære meir om Jesus.
Du får knytta kontakt med 5 vaksenleiarar som alle ynskjer at du skal få kjenne Jesus og lære å leve slik Gud vil.
Du får din eigen Bibel Ressurs med et studietrekk som inneheld Bibelen og enormt mykje bra tilleggsstoff som gjer det litt enklare å forstå kva som står i Bibelen.
Du får møta andre kristne som driv arbeid eller lever sine liv på ein litt anna måte enn me kanskje er vant til.
Du får bety noko for andre.
Du får muligheten til å stilla alle spørsmål du måtte ha om Bibelen og kristen tru til leiarar som elskar å snakka om desse tinga.
Du får testa å lesa i Bibelen sjølv, be sjølv, be for andre og mykje, mykje meir

Viktige datoar!

Påmeldingsfrist

17.06.2024

Påmeldingsskjema finn du her

Avreise misjonstur

Vinterferien 2025

Oppstart

04.09.2024

Konfirmasjonsdag

26.04.2025

Leirvik

ConTeenNew består av…

Konfirmantsamlingar: med undervisning, mat og sosialt.
Turar: to helgeturar lokalt og ein misjonstur litt lengre vekke.
Konfirmasjon: sjølve konfirmasjonsseremonien saman med vener og familie – og Jesus.

Kva gjer vi på konfirmantsamlingane?

Frå september til april har me samlingar fast den fyrste vanlege onsdagen i månaden (dersom ferie/heilagdag så forskyv me onsdagen ei veke). På desse samlingane er me samla ca. 3 timar med ei tredeling i undervisning, mat og sosialt. Samlingane pleier å starta med noko sosialt før me set oss ned med Bibelen og har undervisning. Undervisninga vår er ganske variert. Den startar som regel med at ein av leiarane presenterer noko den har forebudd rundt eit tema. Så blir det ofte noko samtale, spørsmål, diskusjon og/eller at me leitar etter svar i Bibelen saman. Me er akkurat få nok på samlingane til at du som konfirmant kan stilla dei spørsmåla du lurer på der og då, uten å rekke opp handa til og med.

Etter undervisninga et me kveldsmat saman før me har noko me kallar stilletid. I stilletida set me oss kvar for oss og rett og slett les i Bibelen på eiga hand i ca. 10-15 minuttar. Den siste delen av samlinga har me det sosialt saman. Då pleier me å spela eit spel saman, leika ein leik eller så sit vi berre å pratar saman.

Kva gjer vi på turane?

I løpet av året med ConTeenNew reiser me på tre turar. Dei to fyrste er to helgeturar, ein i september og ein i november, der me reiser ein stad i kretsen lokalt. Den siste er ein lengre tur der me reiser vekk i 6-7 døgn til ein stad litt lenger vekke.

Den fyrste helgeturen er ei helg heilt i starten der mesteparten av tida går med til å verta kjende med kvarandre. Det blir altså mykje leik og moro den helga. I løpet av helga har me også undervisning om Gud og treeininga.
Den andre helgeturen pleier å være i midten av november. Denne helga har me også mykje sosialt, men hovudtema den helga er misjon. Me har litt undervisning om misjon og så avslutter me helga med eit misjonsløp på søndagen. Eit misjonsløp handlar om at konfirmantane skaffar seg sponsorar som betalar dei for å springe i 40 minuttar. Minimum 50% av desse pengane skal konfirmantane gi vekk og maks 50% skal gå til å dekkja kostnadar i forbindelse med langturen til konfirmantane – misjonsturen.
Den siste turen me reiser på er misjonsturen i vinterferien. Den varer 6-7 døgn der me reiser litt lenger bort. Dei siste åra har me reist til sørlandet, men det kan også være andre stader/land. Hovudfokuset på misjonsturen er å besøka kristent arbeid og sjå korleis dei driv. Dette kan være alt frå ungdomsarrangement, kristne skular, bistandsarbeid, rusarbeid, gateevangelisering m.m. Mot slutten av turen samlast konfirmantane og diskuterer og ber over kva pengane frå misjonsløpet skal gå til. I løpet av ein vekeslang tur så har me sjølvsagt også tid til å væra saman, berre oss, på til dømes ein trampolinepark, actionpark, bowling, shopping e.l.

Kva gjer vi på konfirmasjonen?

Dersom du har vore i konfirmasjon før så kjenner du nok igjen mykje i IMS sin konfirmasjon også. Ein av dei siste lørdagane i april kl. 12.00 inviterar me deg som konfirmant, og dei gjestane du vil ha med deg, til konfirmasjon på Leirvik bedehus. I løpet av samlinga vil me synga nokre lovsongar, høyre litt frå konfirmantane om året som har gått, høyre ei helsing/andakt til konfirmantane og ha ei forbønshandling for konfirmantane. Heilt til slutt høyrer det naturleg med at konfirmantane stiller seg opp for dei som vil ta eit og to bilde før konfirmantane deler seg og dreg vidare til sin personlege fest med sine gjester.

Fire tidlegare konfirmantar fortel om ConTeenNew

I videoane nedanfor fortel Anissa, Eline, Haakon og Ole Andrè om kvifor du burde velga ConTeenNew. Dei er alle tidlegare konfirmantar i IMS.

Undervisningsopplegg

Tidlegare har me brukt eit opplegg me sjølv har sydd saman. Frå hausten 2022 kjem me til å ta i bruk Awana sitt opplegg «Smak og se» samtidig som me tek vare på noko av det me har hatt før. Dette undervisningsopplegget er utarbeida av Awana Norge og IMI-kirken. Smak og se har et veldig godt fokus på dette med disippelgjering og å fylgja Jesus. Samtidig som opplegget sjølvsagt gir god innføring i kristen tru, kristen etikk og kva Bibelen lærar og ynskjer å fortelle oss.

Her ser du oversikten over samlingar og tema me bruker i eit vanleg ConTeenNew-skuleår:

Ofte stilte spørsmål om ConTeenNew:

1. Kven kan delta på ConTeenNew?
Svar: Alle som vil konfirmera seg kan gjera det gjennom ConTeenNew. Det er eit evangelisk luthersk konfirmasjonsopplegg i regi av Indremisjonens krets IMS.

2. Eg er medlem i Den Norske Kyrkja. Kan eg delta på ConTeenNew?
Svar: Ja, alle kan følgja opplegget til ConTeenNew, uavhengig av kyrkjebakgrunn.

3. Må eg vera døypt før opplegget startar?
Svar: Nei, ConTeenNew er open for alle ungdom som ønskjer å bli meir kjent med Jesus. Du treng ikkje vera døypt før ConTeenNew startar og me vil ikke krevja at du døyper deg heller. Einkvar må ville velgja å døypa seg om han eller ho ønskjer å gje livet sitt til Jesus og følgja Han. Me vil sjølvsagt leggja til rette for dei som ønskjer å døpa seg.

4. Må eg vera superkristen for å delta i ConTeenNew?
Svar: Nei, ConTeenNew er eit opplegg der me skal bli betre kjent med Jesus og lera meir i frå Bibelen. Alle er velkomne til ConTeenNew uansett kva forhold du har til Gud nå.

5. Er utenlandsturen obligatorisk?
Svar: Nei, den er frivillig, men vi håpar jo sjølvsagt at alle ønskjer å delta då me trur turen vil bli svært minnerik for konfirmanten.

Har du fleire spørsmål? Mail dei gjerne inn til Eirik Stensland (eirik.stensland@indremisjonen.no)
eller slå av ein drøs på telefon 932 88 596.