Lov for Indremisjonssamskipnaden (IMS)

§ 1. Skipnad
Indremisjonssamskipnaden (IMS) er dei lag, foreiningar, forsamlingar og kyrkjelydar som er innmelde i organisasjonen, og som vert drivne i samsvar med § 2 og 3.


§ 2. Grunnlag
IMS byggjer arbeidet sitt på Bibelen som Guds ord og den evangelisk-lutherske vedkjenninga.
På dette grunnlaget driv IMS alt arbeidet sitt og kallar og sender ut arbeidarane sine.


§ 3. Føremål
a.
IMS har til føremål å fremja Guds rike og halda oppe eit livskraftig indremisjonsarbeid. For å nå dette føremålet vil ein til ei kvar tid forkynna Guds ord gjennom dei tiltak, reiskapar og kanalar ein finn tenlege.
b. IMS vil arbeida saman med Indremisjonsforbundet (ImF) sentralt og dei innmelde einingane (krinsane) for å styrkja indremisjonen sitt kallsoppdrag i folket vårt.
c. IMS vil òg verkeleggjera det ideelle føremålet gjennom eigne sjølvstendige einingar, slik som Brandøy Misjons- og konferansesenter AS (Brandøy), Helgatun Fjellpensjonat AS (Helgatun), SunnBok AS og Framnes KVGS. All slik verksemd skal byggjast på ikkje- kommersiell (non-profit) basis og mellom anna omfatta utrusting av menneske til arbeid i Guds rike.
d. IMS vil senda ut løna eller uløna arbeidarar med godt vitnemål frå andre truande til å forkynna Guds ord.
e. IMS vil i alt sitt arbeid leggja vinn på å ha eit godt tilhøve til andre organisasjonar og arbeidslag.

§ 4. Status
a.
IMS er ein sjølveigande og ikkje-kommersiell (non-profit) organisasjon med upersonleg og avgrensa ansvar for gjeld. IMS er tilslutta ImF.
b. IMS er ei samanslutning av:

  • Lokale indremisjonsforeiningar, lag og kontaktar.
  • Forsamlingar og kyrkjelydar.
  • Enkeltpersonar frå stader der det ikkje er foreining og som er samde i § 2 og 3. Opptak av nye medlemer skal godkjennast av IMS-styret.


§ 5. Årsmøtet
Årsmøtet er øvste organet i IMS. Det vert halde kvart år i juni månad etter nærare vedtak i styret.
a. Tale- og røysterett på årsmøtet har:

  • Utsendingar frå indremisjonsforeiningar, lag, forsamlingar og kyrkjelydar som står tilslutta IMS. Foreiningar med inntil 50 medlemer kan senda tre utsendingar. Foreiningar med meir enn 50 medlemer kan senda ein utsending meir for kvart påbyrja nytt femtital. Likevel kan ingen senda meir enn 6 utsendingar.
  • Yngres og yngsteslag, barnelag, ungdomslag, kor o.l. kan senda to av leiarane.
  • Stader med kontaktperson kan senda ein utsending.
  • IMS-styret.
  • Medlemene i UNG-rådet.
  • Utsendingane må ha fullmakt frå formannen i laget dei kjem frå. Ingen utsendingar kan ha meir enn ei stemme.
  • Framnes KVGS kan møta med rektor og to personar vald av personalet.
  • Helgatun, Brandøy og SunnBok møter med dagleg leiar og ein utsending frå kvart styre.
  • Fast tilsette og pensjonerte arbeidarar har talerett og røysterett. Formannen skriv ut fullmakt til desse.
  • Styret for ImF kan senda ein utsending som har talerett, men ikkje røysterett.

b. For å kunna røysta på årsmøtet må ein vera fylt 15 år. IMS-styret har ikkje røysterett i saker som gjeld styret sine disposisjonar.

c. Årsmøtet handsamar:

  • Styret si årsmelding.
  • Revidert årsrekneskap.
  • Lovendringar.
  • Andre saker som styret eller medlemene legg fram. Jamfør punkt g.

d. Årsmøtet vel:

  • Leiar, styremedlemer og varamedlemer til IMS-styret.
  • Valnemnd.
  • Revisor.

e. Årsmøtet gjer vedtaka med simpelt fleirtal. Lovendringar krev 2/3 fleirtal.
f. Framlegg til valnemnd og revisor vert gjort av IMS-styret. Til dei andre vala (j.fr. pkt. d.) set valnemnda opp kandidatar.
g. Vil nokon ha ei sak fram for årsmøtet, må den vera send til IMS-styret seinast tre månader før årsmøtet skal haldast. Berre styret og lag som er innmelde i IMS, kan koma med forslag til lovendringar. Styret skal senda ut lovendringsframlegg til lokallaga minst ein månad før årsmøtet.
h. Ekstraordinært årsmøte kan kallast saman når minst 2/3 av medlemene i IMS-styret eller 1/3 av foreiningane ber om det.
i. Protokoll frå årsmøtet skal sendast til lokalforeiningane og ImF.

§ 6. IMS-styret
a. IMS-styret er krinsen si høgste mynde mellom årsmøta.
b. IMS vert leia av eit styre på sju medlemer, som vert valde av årsmøtet. Årsmøtet vel leiar for eit år. Dei andre seks vert valde for to år, slik at det kvart år går ut tre. Desse kan veljast att, men ingen kan sitja i styret meir enn åtte år i samanheng.
c. Årsmøtet vel tre varamedlemer for eitt år. Styret vel seg imellom nestleiar for eitt år. Første varamedlem møter fast til styret. Styret er vedtaksført når minst fem medlemer er til stades.
d. Dagleg leiar, samt ein annan person oppnemnd som sekretær for møtet, møter i styret med tale- og forslagsrett, men ikkje røysterett.
e. IMS har møte når styreleiar i samråd med dagleg leiar kallar inn til det, eller eit fleirtal av styremedlemene krev det.
f. Det skal førast protokoll frå kvart styremøte.

§ 7. IMS-styret sine oppgåver
a. IMS-styret står for den verksemda IMS driv og syter for at verksemda er i samsvar med denne lova.
b. Det kjem med tilråding i alle saker som skal fram for årsmøtet, og set i verk dei vedtaka som årsmøtet gjer.
c. Det forvaltar og fører kontroll med økonomien og eigedommane åt IMS. Større økonomiske saker må leggjast fram for årsmøtet til avgjerd. Styret bind IMS rettsleg.
d. IMS-styret vel medlemer med varamedlemer til representantskapet for Framnes KVGS, styre for Brandøy Misjons- og konferansesenter AS og Helgatun Fjellpensjonat AS, utsendingar til generalforsamlinga i SunnBok AS, andre nemnder, styre og råd.
e. IMS-styret er generalforsamling for: Helgatun Fjellpensjonat AS, Brandøy Misjons- og konferansesenter AS og Framnes Eigedom AS.
f. IMS-styret kallar og tilset dagleg leiar, forkynnarar og andre arbeidarar og fastset løns- og arbeidsvilkår for desse. IMS-styret rådfører seg med ImF-styret før kall av dagleg leiar.
g. Styret kallar inn til årsmøte og tilrettelegg alle saker som skal handsamast av dette.
h. Innkalling til årsmøtet skal skje seinast ein månad før årsmøtet skal haldast.

§ 8. Lojalitet i lære og liv
Alle tilsette, tillitsvalde og andre uløna medarbeidarar må leva i samsvar med kristen etikk og syna aktiv lojalitet mot IMS sin eigenart og gjeldande retningsliner.
Tilsette med leiar-, informasjons- og forkynnaroppgåver, alle tillitsvalde i styret, lokale einingar og andre som er sette til å representera organisasjonen offentleg, må leva og læra i samsvar med IMS sitt grunnlag (jamfør § 2).

§ 9. Lag tilslutta IMS
a. Alle indremisjonsforeiningar, lag, forsamlingar og kyrkjelydar som høyrer til IMS, må drivast i samsvar med føremålet, slik det er uttrykt i § 2 og § 3a.
b. Desse skal støtta IMS så langt dei kan, både med økonomiske midlar og på annan måte, så dei saman kan nå føremålet.
c. Lagsmedlemer er dei som melder seg inn i eitt av laga, går inn for grunnlag og føremål (§ 2 og § 3a), lever eit kristeleg liv og betaler den årskontingenten som årsmøtet for laget vedtek. Lever eit lagsmedlem eit ukristeleg liv eller arbeider for ei lære som ikkje er i samsvar med den evangelisk- lutherske, skal styret i lokallaget gje rettleiing på bibelsk grunn (Matt.18,15-18). Hjelper ikkje dette, kan vedkomande ikkje lenger vera medlem av laget.

§ 10. Oppløysing, fusjon eller fisjon
a. Skal IMS oppløysast, må dette handsamast av ordinært årsmøte og verta vedteke med 2/3 fleirtal. Deretter må det kallast inn til ekstraordinært årsmøte innan tre månader, og vedtaket om oppløysing må her verta teke opp att med 2/3 fleirtal.
b. Etter at gyldig vedtak om oppløysing er gjort, vel årsmøtet eit avviklingsstyre som skal stå for avviklinga. IMS-styret kan veljast til avviklingsstyre.
c. IMS si formue skal etter oppløysing og nedbetaling av gjeld går til Indremisjonsforbundet.
d. Samanslutning (fusjon) eller deling (fisjon) vert ikkje sett på som oppløysing. Vedtak om samanslutning/deling og naudsynt lovendring knytt til dette vert gjort i samsvar med vedtektene om lovendring (§ 11). Styret skal i denne samanhengen leggja fram ein plan for samanslutning/deling som årsmøtet kan røysta over. Ved samanslutning eller deling må det hentast inn samtykke frå IMS sine kreditorar.

§ 11. Lovendring
Årsmøtet i IMS kan endra denne lova med 2/3 fleirtal. Sjå § 5.
§§ 2 og 3 a kan ikkje endrast.