Vår historie

 Samson Thorsen Stueland (1798-1879) spela ei sentral rolle i førebuinga, skipinga og framvoksteren av ”Samskipnaden”. Stueland var fødd i Omvikedalen. Han vart både ordførar i Kvinnherad og tingmann. Fleire år før skipinga gjekk Stueland med tankar om å etablere indremisjonslag. Han var ein av dei som var med på skipinga av Det Norske Misjonsselskap i 1842, så organisering av misjonsarbeid var ikkje noko ukjent for Stueland.

 

I 1853 skipa presten Gustav Adolph Lammers ”Skiens forening”.
Samson Thorsen Stueland las om dette og skrev til styret for foreininga og bad dei sende opplysningar om lovene og arbeidet. Han fekk tilsendt det han ønskja og såg for seg at dette måtte prøvast og på Vestlandet. Han sette ikkje i gang planar om eigne indremisjonslag med det same, men tok opp saka mellom vener. Fråhaldstalaren Johan Gjertsen frå Bergen påskunda seinare planane og det vart organisert indremisjonsarbeid i tre bygder, Omvikedalen, Uskedalen og Skånevik.

 

I slutten av mars 1864 bad indremisjonsvenene i Kvinnherad kyrkjesongar Jens S. Stueland, son til Samson, om å reisa til venene i Ølen, Etne, Åkra, Baugstranda, Skånevik og Matre for å halda fram tanken om ein indremisjonssamskipnad. Han kom att etter 3 veker med positive meldingar. Dette førte til at venene i Kvinnherad tok avgjera om å førebu ein samling som, om mogleg, kunne verte eit skipingsmøte. Samson Stueland fekk det travelt med å skriva brev til vener i vid omkrins for å by dei inn til skipingsmøte i Uskedalen 2. pinsedag 1864.

 

Skipingsmøte i Uskedalen
Mange folk frå forskjellige kantar kom til skipingsmøte. Dei samla seg i løa til Hans Døsland. Først var det ei oppbyggingsstund kor Samson Stueland tala, Lars Djuve frå Åkrafjorden og Vigleik Svaasand frå Jondal deltok med bøn. Etterpå skipa dei ”Søndhordlands, Hardanger og Voss Fællesforening”. Lovene vart opplest og vedtatt. Som det første styre vart truleg desse valde: Samson Stueland, Nils Tvedt, Berge Fedt, Jens Fedt, Peder Hjelmeland, J. Kjærland, Johannes Haugland, E. Lund og Jens Stueland. Samson Stueland vart formann og kasserar.

 

Dei første to paragrafane i lovene fortel klårt kva dei tenkte og ville med ”Fællesforeningen”.

  • Fællesforeningen for den indre mission i Søndhordland, Hardanger og Voss har til formaal at vække og nære et sandt kristelig liv i vort kirkelige samfund.
  • De midler, hvorved foreningen vil søke at virke til sit formaal, er foruten ved eksempel og formaning ved utsendingar at utbrede den hellige skrift og andre til hensikten svarende smaaskrifter, som nøye prøves efter den hellige skrift og den evangelisk-lutherske kirkes bekjendelse, samt ved oppbyggelige sammenkomster til bøn, song og ordets betraktning, saa at orden kan bli bragt til den enkelte saaledes, som det av den evangelisk-lutherske krike blir trodd, bekjent og forkynt for verden, i den skikkelse hvori det for dem kan bli mest nyttig til lærdom, overbevisning, rettelse og optugtelse i retfærdighet.

 

Rosenianske tonar
Samson Stueland følgde nyskapinga som formann i 15 år. I 1879 bad han om avløysing og vart etterfølgd av Tormod Myklebust. Same året kom Jørgen Thunold med i styret som kasserar og sekretær, ei teneste han vart vedvarande i fram til sin død i 1927. Med nye leiarane fekk og dei rosenianske tonar botnklang og festa seg i det haugianske grunnsynet som prega Indremisjonssamskipnaden frå skipinga av. Ein annan som fekk påverke til dette var Jakob Traasdahl. Han var kjent for å vera ein av dei ruvande rosenianske forkynnarane på Vestlandet. Traasdahl var mangeårig formann i Bergens Indremisjon, og skipinga av det som vart til Den indre Sjømannsmisjon skjedde i hans heim 12. januar 1880. Traasdahl vart vald til møteleiar for 13 årsmøter i perioden 1883 til 1903. Ein annan som og fekk sitt å seie i samanhengen var den landskjente forkynnaren og avisredaktøren, Lars Oftedal. Han fekk leia 20 årsmøte i Indremisjonssamskipnaden fram til sin død i 1900.

 

Sjølvstende og fridom
Sjølvstende og fridom har alltid stått sterkt i Indremisjonssamskipnaden. Stueland takka på slutten av 1860-talet nei til å gå inn saman med Gisle Johnson i Lutherstiftelsen. Stueland ville ha ein fri indremisjon tufta på det allmenne prestedømme og nådegåvene. Noko presteleg naudprinsipp ville han ikkje lata seg binda av.

 

I 1891 vart Lutherstiftelsen lagt ned og ”Det norsk lutherske Indremisjonsselskap” kom i staden. Det Vestlandske Indremisjonsforbund (DVI) vart stifta i 1898. På stiftingsmøte kan ein sjå tydelege spor av tradisjonen med sjølvstende og fridom. Indremisjonssamskipnaden sin formann, Bertel Myklebust, fekk på skipingsmøte inn ein paragraf som sikra den enkelte foreining og fellesforeining fullkommen fridom og sjølvstende i alle eigne forhold. Sjølv om lovene seinare er revidert står prinsippa om fridom og sjølvstende fast.

 

Indremisjonssamskipnaden har gjennom historia hatt eit ope og godt tilhøve til DVI og andre evangelisk-lutherske organisasjonar. Forholdet til kyrkja har og vore prega av tanken om sjølvstede og fridom, men godt samarbeid har alltid vore idealet.

 

Lite strid, godt samhald
Sjølv om det nokre gongar i historia har kome opp noko ulike meiningar har Indremisjonssamskipnaden blitt spart for opprivande strid. Enkelte bygder har nok opplev brytningar, men stort sett har ein blitt spart for splittingar. Indremisjonssamskipnaden har vel stort sett stilt seg positiv til den karismatiske rørsla på evangelisk-luthersk grunn. Kritikk og ettertanke har det vore, men ein har stort sett møtt denne rørsla med eit positivt utgangspunkt. Samarbeidet med prestane har på dei fleste stadane vore svært godt. Det har gagna arbeidet.

 

Kjelder:
Haugiansk frukt i ei ny tid (Alfred Hamre) – jubileumsskrift i høve 125-årsjubileet i 1989.

Då høyrde eg Herrens røyst.
Han sa: «Kven skal eg senda, og kven vil gå for oss?» Eg sa: «Eg! Send meg!»

TILSETTE KRETSARBEIDARAR

Marit Hårklau Ådnanes

Marit Hårklau Ådnanes

Dagleg leiar

Tlf: 53 41 07 04 / 41 51 78 17

E-post

Guri Bjørnevik

Guri Bjørnevik

Kontorleiar

Tlf: 53 41 07 04 / 40 45 82 55

E-post

Linda Aase

Linda Aase

Ungleiar

Tlf: 53 41 07 04 / 97 88 77 47

E-post

Eirik Stensland

Eirik Stensland

Ungleiar

Tlf: 53 41 07 04 / 93 28 85 86

E-post

Lise Marie T Litlabø

Lise Marie T Litlabø

Barne- og familiearbeidar

Tlf: 53 41 07 04 / 99 73 48 92

E-post

Kristine Særsten

Kristine Særsten

Ung-arbeidar

Tlf: 53 41 07 04 / 98 11 16 09

E-post

Kåre Johan Hamre

Kåre Johan Hamre

Forkynnar

Tlf: 95 17 41 24

E-post

Marit Andresen Røen

Marit Andresen Røen

Evangelist

Tlf: 56 58 67 15 / 91 76 61 28

E-post

TILSETTE I FORSAMLINGAR

Ingvild Løklingholm

Ingvild Løklingholm

Forsamlingsleiar ImF Stord

Tlf: 92 24 22 70

E-post

Hilde Kristin Hystad

Hilde Kristin Hystad

Ungdomsarbeidar ImF Stord

Tlf: 46 80 61 55

E-post

Knut Kvamme

Knut Kvamme

Pastor i Nainkyrkja - Voss Indremisjon

Tlf: 56 51 40 31 / 45 66 07 49

E-post

Sigrid Hilleren

Sigrid Hilleren

Barnearbeidar i Nainkyrkja - Voss Indremisjon

Vidar Sangolt

Vidar Sangolt

Ungdoms- og forsamlingsarbeidar i Norheimsund og Øystese

Tlf: 92 44 48 97

E-post

Julie Haaberg (permisjon)

Julie Haaberg (permisjon)

Ungdomsarbeidar i Norheimsund og Øystese Indremisjon

Sølvi Mongstad (vikariat)

Sølvi Mongstad (vikariat)

Ungdomsarbeidar i Norheimsund og Øystese Indremisjon

TILSETTE I AVDELINGANE

Harald Voster

Harald Voster

Rektor på Framnes

Tlf. 56 55 05 00 / 56 55 05 02

E-post

Silje Helen Fyllingen

Silje Helen Fyllingen

Daglig leder SunnBok

Andreas C. og Annbjørg N. Våge

Andreas C. og Annbjørg N. Våge

Brandøy, styrarpar

Tlf. 53 76 98 81

E-post

Jorunn Fylkesnes Johannessen

Jorunn Fylkesnes Johannessen

Helgatun, dagleg leiar

Tlf: 56 51 98 98

E-post

IMS-styret 2022/2023:

Ole Bernar Innvær (formann), Henriette Bjørnevik, Vidar S. Eik, Hilde Karin Vedøy Eiken, Petter Lid, Tordis Thuestad og Oddvar Martin Torget

Svein Tore Kulleseid (1. vara), Marianne H. Aarbø (2. vara), Ragnhild Nesse (3.vara)

Avdelingane våre

Bli ein fast givar til IMS

Les meirGi ei gåve