Pit Stop Leirvik 2020 – 8.-10. oktober

Torsdag 8. oktober startar Pit Stop Leirvik på Leirvik bedehus og på facebook! Me har tru på at dette blir skikkelig bra og at årets Pit Stop også skal få bety noko i menneskers liv.

På Pit Stop blir hovudtalar i år vår eigen Johannes Olsen. Han skal tala på møtene om morgonen, det vil sei kl. 12 på fredag og laurdag.
Gjennom heile Pit Stop så får me besøk av Bildøyteamet frå Bildøy Bibelskule. Dei skal ha andaktane på kveldsmøta og bli med på «Grill ein kristen». Dei vert med heile helga, er ein primaflott gjeng og er klar for å ta i eit tak.
Også i år er me så heldige å få med oss Link til å leia oss i lovsong. Dei har vore fast innventar dei siste åra og me er supertakknemlige for det! Dei har eit flott fokus på Jesus, både i lovsong og elles, dei er lette å bli kjende med og dei er generelt fine folk.

Annerledes Pit Stop

Dette året slepp me ikkje heilt unna korona. Me kan ikkje ha overnatting, matservering eller dei same aktivitetane som før. Det me kan ha er møter, seminar og samlingar på Leirvik bedehus – og på nett! Dette året blir alt av innhald streama på facebooksida til Pit Stop Leirvik, samstundes som me har fysiske møter på Leirvik bedehus.

Streamen betyr at du kan væra med frå kor som helst i landet. Så når du ikkje kan overnatta på Stord så kan du fortsatt få med deg Pit Stop – sjølv om du må sova heime.

 

Me trur Pit Stop blir fantastisk i år også! Følg Pit Stop på facebook (Pit Stop Leirvik) så får du med deg kva som skjer. Møta frå Pit Stop blir streama frå facebooksida til Pit Stop Leirvik og på framsida vår på indremisjonen.no