Arrangement i IMS
Under ser du informasjon og påmelding om arrangement i IMS. Leirar finn du under menyval «Arrangement» og så «Leirar», her finn du andre arrangement i IMS.
Informasjon og spørsmål kan rettast til IMS:
Send mail til post@indremisjonen.no
Ring: 53 41 07 04
Arrangement i
IMS
KRAFT-konferanse 8. februar
Velkommen til KRAFT-konferanse på Leirvik bedehus 8. februar. Me trur me har snikra saman eit variert og kjekt program som kan vera aktuelt for mange å få med seg. M.a. kjem Solvår Angeltveit frå IMI-kirken og snakkar om «korleis legga til rette for godhetskultur?». Det kjem representantar frå LOGOS-kirken Nesttun og deler omkring «restarten», og korleis dei vart ei generasjonsforsamling. Det blir inspirerande glimt frå lokalt arbeid, og aktuelle seminar.
Pris: 450,-
Forsamlingskonferanse - 15. mars (Norheimsund)
Forsamlingskonferanse i Norheimsund, laurdag 15. mars. Alexis Lundh vert med i Norheimsund, og deler om korleis me kan snakka ope og ærleg om sårbare tema: «En bedre historie». Ørjan Hummelsund har tema omkring korleis me kan bygga gode team. Så blir det også her seminar og glimt til inspirasjon. Sjå detaljar i vedlegg. Fellesskapet – det å treffa kvarandre på tvers av bygdene – er også viktig ein slik dag.
Pris: 450,-