Bjørg Marit Notland har i mange år starta dagen med Bibelen og deretter skrive ned bøna ho har bedt i tilknytning til det ho har lese.
No har ho samla eit utval av bønene i ei eiga bønebok.
Det starta som ein del av morgonrutinen
I mange år har Bjørg Marit Notland lese i Bibelen om morgonen og deretter skrive ei bøn med utgangspunkt i det ho har lese. Etter oppmodingar frå andre bestemte ho seg for å samle nokre av bønene og gi dei ut.
Bibelvers og bøner
Boka inneheld rundt 60 bøner. Kvar bøn tek utgangspunkt i ei bibelhenvisning, før Notland følgjer opp med ei personleg bøn knytt til teksten. Bibeltekstane er henta frå både Det gamle og Det nye testamentet.
Har fått gode tilbakemeldingar
For Notland er det litt uvant å kunne kalle seg forfattar. Samstundes er ho glad for at boka kan bli brukt av andre.
– Det er jo litt rart kanskje. Men det er veldig fint dersom nokon kan ha glede av det.
Ho har allereie fått tilbakemeldingar frå personar som har tatt boka inn som ein del av kvardagen sin.
– Det har blitt ein del av andaktslivet til nokon, og det har betydd noko. Det er jo fint.

Naturbilete
Boka er også rikt illustrert med naturbilete. Venninna Reidun Toadalen Sæbø har bidrege med mange vakre bilete.
Arbeider allereie med neste bok
Den første boka er tydelegvis ikkje slutten på forfattarskapen. Notland er allereie i gang med arbeidet med ei ny bok.
Bøneboka er til sals hos SunnBok, og Notland og Sæbø sel også boka sjølv.
Ho håpar særleg boka kan vere til hjelp for menneske som synest det kan vere vanskeleg å finne ord når dei skal be.
– Eg har sjølv innimellom brukt salmebøker, songbøker og bøker med bøner som andre har skrive. Det har vore veldig god hjelp. Så eg vil absolutt anbefale ei bønebok.