Det er med stor glede vi atter ønskjer velkomen til Haustmøtehelg på Leirvik. Denne gong med litt endringar i opplegget.

Fredag kveld vert det Go’fredag slik det har vore dei siste åra. Dette skal vera ein kveld fylt opp med smil og alvor, god mat og god prat. Ein kveld med senka skuldre. I år vert Astrid Dalehaug Norheim med og snakkar om «Kraft til kvardagslivet». Praise frå Skjold/Vats har ansvar for å leia oss gjennom det musikalske, Marinaden på Bremnes leverer maten, og Svein Bjarne Aase vil leia oss gjennom kvelden.  Husk å meld deg på i tide, du kan gjera det her!

Laurdag er det klart for IMS sin eigen teneste- og leiarkonferanse KRAFT 2018. Ein konferanse for alle interesserte, enten du er leiar i eit barne- eller ungdomslag, med i eit styre, er med i teneste på ulikt vis, kunne tenkt deg å bli med i teneste, ikkje er med – men har lyst å få dagen med likevel. Velkommen uansett. Her kan du melda deg på!

Søndag vert det lokale haustmøte rundt om i bygdene. Sjå plakaten og finn næraste møte du kan gå på.