Får påfyll til arbeidet heime

God forkynning, nyttige seminar og gode samtalar med andre engasjerte menneske. Det er noko av det som gjer at Eli Tveitane, Vidar Giske og Hilde Kristin Teigland prioriterer ImF sin leiar­konferanse. Dei reiser heim med ny inspirasjon, fagleg påfyll og konkrete tankar for arbeidet lokalt.

6.–8. november var deltakarar frå heile landet samla til ImF sin leiar­konferanse. Blant dei var Eli Tveitane frå Norheimsund Indremisjon, Vidar Giske frå Øvrebygda Indremisjon og Hilde Kristin Teigland, ungdomsarbeidar i ImF Stord.

Alle tre har ulike perspektiv på kva dei set mest pris på ved konferansen, men dei er samde om at det er verdifullt å setje av tid til undervisning, fellesskap og inspirasjon.

– Eg har brukt å reise på leiar­konferansar, og eg synest det er mykje god forkynning. Ikkje minst er det mange gode seminar. Eg møter også andre som eg kan tenkje høgt saman med om utfordringar og korleis vi kan finne gode løysingar, fortel Eli.

Vil satse på Ungdomsalfa

Eit av dei viktigaste innslaga Eli tek med seg heim frå årets konferanse, handlar om Ungdomsalpha.

– Eg har eit hjarte for ungdom, og eg ser at dette er eit verktøy som ungdomane sjølve kan vere med og bruke for å nå andre ungdomar.

Ho fortel at dei har ein eittåring i ungdomsarbeidet som allereie har uttrykt ønskje om å bli med på Ungdomsalpha.

Hilde Kristin hadde med seg mannen sin, Simen, på konferansen. (Biletet er teke på Leirvik bedehus ved eit anna høve.)

Viktig å sjå det store biletet

Hilde Kristin Teigland prioriterer også konferansen for å få påfyll og halde seg oppdatert på det som skjer i organisasjonen.

– Eg synest det er fint å få påfyll og samtidig halde meg oppdatert på kva som skjer og rører seg i ImF, både sentralt og lokalt andre stader i landet.

Eit av innslaga som gjorde særleg inntrykk på henne, var presentasjonen av arbeidet ImF driv i Finnmark.

– Det var sterkt å høyre om arbeidet som blir drive av ImF i Finnmark. Elles synest eg også at nettverket om forsamlingsbygging var fint å delta på.

Ho meiner det er viktig å få innblikk i arbeidet som blir gjort andre stader, og sjå korleis ein kan lære av kvarandre.

Vidar Giske anbefaler leiar­konferansen!

Bønn og personleg påfyll

Vidar Giske har vore med på leiar­konferansen fleire gonger og prioriterer gjerne samlinga.

– Eg har fått mykje god undervisning tidlegare. Eg gler meg kvart år til leiar­konferansen og deltek med glede når eg kan.

Han trekkjer fram breidda i undervisninga som ein av styrkane ved konferansen. I år kunne deltakarane velje mellom ni ulike tema for fordjuping. 

Vidar valde bønn som hovudtema. Han fekk undervisning frå ei tidlegare misjonær i Misjonssambandet og frå Irene Krokeide Alnes.

– Det var veldig bra! Eg fekk også ein ny ven der, fortel han.

Han set også stor pris på høvet til å få forbønn etter kveldsmøta.

– Eg pleier ofte å gå til forbønn på slike stevne. Ikkje fordi det er krise, men fordi det er så godt! Det er ei stor velsigning når nokon ber for meg og for det som er viktig for meg, for forsamlinga vår og for bygda.

Etter det siste møtet laurdag bad han om at alt det gode han hadde fått med seg frå konferansen, måtte få vekse og bere frukt.

Vil ha fleire med neste år

Alle tre vil anbefale andre å reise på leiar­konferansen.

Vidar trur nokre kanskje tenkjer at konferansen berre er for dei som har leiaransvar, eller at ordet konferanse høyrest litt avansert ut.

Men slik er det ikkje.

– Konferansen er open for alle. Kanskje har du lyst til å vere med på samlingar om bønn, det å vere eit vitne, lovsong eller barnearbeid? spør han.

Han fortel om ei mindre forsamling som eit tidlegare år hadde med seg over ti deltakarar heilt frå Sunnmøre. Mange av dei var ikkje leiarar.

Hilde Kristin meiner det er positivt om fleire frå IMS finn vegen til konferansen neste år.

– Eg trur det er med på å styrkje forståinga av kva vi er ein del av, og kvar vi ønskjer å gå i tida framover. Samtidig får ein påfyll og inspirasjon som ein kan ta med seg tilbake til kvardagen.

Vidar håpar også fleire vil få oppleve det han sjølv har fått del i:

– Eg tenkjer at desse samlingane er til velsigning, og det er godt om fleire kan få del i denne velsigninga.

Eli sluttar seg til oppmodinga:

– Ja, absolutt! Eg vil anbefale andre å reise.

Kanskje er det nettopp slik ein kan skildre leiar­konferansen: Ei inspirasjonssamling for alle som ønskjer påfyll, nye perspektiv og fellesskap i arbeidet for Guds rike.


Glimt frå helga: