Rundt 55 store og små er samla til familieleir på Helgatun denne helga. Her er det rom for både nye og gamle leirdeltakarar, og for familiar med ulik bakgrunn og erfaring med kristent fellesskap.

– Vi har med oss flotte deltakarar, frå dei aller minste på null år til dei eldste på rundt 80, fortel Marit Andresen Røen, som er leirsjef.

Nokre er på Helgatun for aller første gong, medan andre har vore med mange gonger før.

– Det er eit veldig stort spenn. Det gir både utfordringar og fantastiske moglegheiter, seier Marit.

Unge leiarar tek ansvar

Å få nok leiarar til leirane har vore ei utfordring. Difor er det ekstra gledeleg når nye tek på seg oppgåver.

Ein av dei som har bidrege denne helga, er Peder. Han har ikkje vore leiar på leir tidlegare, men tok på seg ansvaret for ei bibelsamling for dei eldste barna og tenåringane.

Peder som har bibeltime for de store barna + ungdom

Snø, aktivitetar og juleverkstad

Vinteren viser seg frå si beste side på Helgatun denne helga. Det er opphaldsvêr, snø og nesten ikkje vind. Dermed ligg alt til rette for uteleik og gode opplevingar.

Programmet byr mellom anna på sporløp, juleverkstad og leirfest. I tillegg blir det bibelsamlingar, måltid og tid til å vere saman.

– Helgatun er ein fantastisk stad å vere på leir. Her er det gode forhold, flott mat og eit fint fellesskap.

Vil du vere med som leiar?

Leirarbeidet er avhengig av frivillige som ønskjer å bidra. Det er behov for fleire som kan vere med som leiarar på leirane framover.

Har du lyst til å bidra, anten som leiar eller med andre praktiske oppgåver, kan du ta kontakt med oss i IMS.

Kanskje er det nettopp du som kan vere med og skape gode leiropplevingar og formidle Jesus til nye generasjonar?