I 150 år har Fitjar Indremisjon vore ein del av kristenlivet i bygda. Historia handlar om vekking, bønemøte, bedehus, song og eit sterkt engasjement for at menneske skal kome til tru på Jesus.
Det byrja ikkje med eit styrevedtak eller eit ferdig bedehus. Det byrja med menneske som hadde opplevd noko dei ikkje kunne teie om.
Hans Nielsen Hauge hadde sett djupe spor etter seg over heile landet, også i Sunnhordland. Då Konventikkelplakaten vart oppheva i 1842, vart det fritt fram for kven som helst å drive forkynning. Frøet Hauge hadde sådd, kunne vekse vidare.
Rundt 1852 kom to unge menn frå Stord over fjellet til Fitjar. Dei tok inn på Rydland og fekk lov til å halde «oppbyggelse» i drengestova i Jensa-tunet.
Den eine var nett komen til tru på Jesus. Han hadde teke ivrig til med å vekkje folk til omvending.
Det som skjedde denne kvelden, skulle få ringverknader.
Fleire unge kom til tru
På det som truleg var det første lekmannsmøtet i Fitjar, vart fleire unge omvende. Mellom dei var Salomon Tveit, kona hans Kristi og broren hennar, Rasmus Hovstad.
Salomon vart seinare lærar og bonde i Osternes, i tillegg til at han reiste på venebesøk rundt om i bygda som lekpreikar. Rasmus fekk heidersnamnet «bønarasmis», på grunn av den særlege bøneånda og tenesta hans.
Desse ungdommane byrja å samlast til husmøte. Dei gjekk frå hus til hus, vitna og bad folk om å ta imot Evangeliet.
Det nye innslaget i bygdemiljøet skapte engasjement, men også strid. Det vart sett skilje mellom folk.
Likevel voks verksemda. Det vart etter kvart vanleg med møte i heimane hos dei av «bønafolket» som hadde størst stove. Frå 1860-åra kom skulehusa i bruk, og møta vart ofte lagde dit.
Borna gjekk rundt og bad inn til møte. På samlingane var det song, bøn, åndeleg samtale og lesing frå Bibelen eller huspostillen.
Mellom dei eldste bønefolka som heldt «oppbyggelse», finn vi namn som Tørres O. Koløen, Myre-Jens Storevik, Amund Rein, Tolleiv Ivarsøy, Salomon Tveit, Ole Steen, Johannes Skår og Paul Lillenes.
Dei bad for presten
På denne tida vart J. K. Crøger sokneprest i Fitjar. Han la merke til at nokre i bygda samlast ein gong i veka.
Han kunne ikkje dy seg og spurde kva dei dreiv med.
Svaret var enkelt: Dei heldt bøn.
Og dei bad for presten også.
Det var ikkje fånyttes.
På årsmøtet for Samskipnaden på Onarheim i 1873 kom Crøger til åndeleg gjennombrot. Etter dette vart han med på bønemøta, og i 1875 braut det ut vekking.
Året etter vart Fitjar Indremisjonslag skipa.
Tradisjonen seier at det var Ole Steen d.y., ein 31 år gammal smed og emissær, som skipa det første indremisjonslaget i 1876.
Dermed var starten på det som i dag er Fitjar Indremisjon, eit faktum.
Ei tid med tronge kår
Det er lett å sjå historia i lys av det som kom seinare. Men då indremisjonslaget vart skipa, var det ikkje materielt sett gode tider i bygda.
Det var først dei siste 70–80 åra at ein i ytre Sunnhordland har hatt det ein i dag kan kalle gode tider, materielt sett.
I tiåra etter skipinga var det tronge kår. Det var ikkje lett å få endane til å møtast. Familiane var store, med seks, åtte, ti og opp til tolv barn. Mange munnar skulle mettast.
Likevel var mange sterkt engasjerte i kyrkje og kristenliv.
Det skjedde mykje. Opplysning om ulike tema kom ut til folket gjennom aviser og blad. Folk fekk høyre om misjon. Misjonsselskap vart starta, og mange ville vere med.
Indremisjonsarbeidet vart ein del av dette engasjementet.
Årsmøta samla folket
Allereie i 1864 var Søndshordlands-, Hardanger og Voss Indremissions Fællesforening skipa i Uskedalen. Det var altså tolv år før Fitjar Indremisjon vart starta.
Årsmøta i Sunnhordland, Hardanger og Voss Indremisjonssamskipnad vart store hendingar i bygdene.
Fitjar har fleire gonger vore vertskap. Første gong var i 1870, deretter i 1883 og seinare ytterlegare åtte gonger. Seinast 25. april 2026.
Årsmøtet i Fitjar 26. og 27. juni 1883 seier mykje om kva desse samlingane betydde.
Forstandar Gabriel Baardsen skildra korleis fartøy etter fartøy og båt etter båt kom inn på Fitjarbukta. Til slutt stod den lange Fitjarstranda heilt full av båtar.
Det vrimla av folk.
Mange søkte ly i lader og andre uthus. Nokre låg i båtar med segl over seg eller under båtskroget. Alle hus var fylte av menneske.
Baardsen skreiv at det var 10 000 menneske der.
Gamle og unge, barn og vaksne kom gåande over bakkane med nisteskrina sine. Nokre kom på krykker, andre vart borne på ryggen.
Om kvelden høyrde ein song frå hus, hytter og båtnøst.
«En ordets, sangens, bønnens og lovprisningens tid har begyndt», skreiv Baardsen.
Bedehuset blir ein viktig møteplass
Behovet for eit eige hus der folk kunne kome saman for å høyre og samtale om Guds ord, var stort.
I kyrkja var det presten som tala. På bedehuset kunne folk også kome med sitt eige vitnemål. Her fekk dei møte predikantar og evangelistar som reiste rundt i landet, og høyre om misjonsarbeid både i Noreg og ute på misjonsmarka.
Det første bedehuset i Fitjar vart vigsla i 1915. Det stod på ei bygsla tomt på Tongane og var i bruk fram til 1982.
Det var eit enkelt hus. I hovudetasjen var det inngang, møtesal og småsal. Over gangen og småsalen var det galleri. Nede i steinkjellaren var det kjøkken og eit rom med plass til eit par langbord.
Her var møte, møteveker, basarar, bønemøte, foreiningsmøte og høgtidsfestar. Det var også noko ungdomsarbeid.
Eit rikt arbeid fekk etter kvart feste i huset.
Julefest med poteter som lysestakar
Gamle bedehusdagar kunne vere langt frå dagens standard.
I ei skildring av julefestane på det gamle bedehuset fortel Jakob Vik om sanitære forhold som neppe ville blitt godkjende i dag.
Det var ikkje innlagt vatn. Kjelda utanfor bedehuset fekk tilsig frå åkrane og bakkane på Kloster. Det var to utedoar, men ingen visste om dei var for herrer eller damer. Det var heller ikkje lys, vask eller spring.
På ein mørk vinterkveld med austavind var eit besøk på bedehuset difor ikkje nødvendigvis noko lystig føretak.
Maten vart laga på kjøkkenet i kjellaren, dersom ein kunne kalle det eit kjøkken. Der stod ein gamal komfyr og ein benk langs veggen.
Likevel vart det fest.
Borda vart dekte med kvite dukar og lys. Lysestakane vart laga av store poteter som var delte i to og kledde med sølvpapir. Fine åklede vart hengde opp for glasa.
Og med ein rødglødande omn vart det både varmt og koseleg.
Det var egg og gaffelbitar, løkrull med sylta agurk, fårepølse, epleskiver med ein klatt gelé, tebrød og julebrød med ost.
Når kaffien frå Monsa Sino, den faste kaffikokaren, byrja å spreie seg frå kjellaren, visste festtalaren at det nærma seg slutten.
Då tenkte alle på festbordet.
Etterpå var det gang rundt juletreet. Kanskje tre eller fire ringar. Når dei eldre hadde gått heim, kunne ungdomane halde fram til dei små timane.
Eit nytt bedehus
Behovet for fornying vart etter kvart tydeleg.
Tidleg på 1960-talet byrja folk å snakke om at det gamle bedehuset hadde gjort fullgod teneste. 5. februar 1962 vart den første plannemnda for eit nytt bedehus vald, med sokneprest Einar Tuvin som formann.
Men det skulle gå 18 år før det første spadestikket vart teke, 14. mai 1980.
Sperreflagget vaia i frisk kuling 31. januar 1981.
- april 1982 vart det siste møtet halde i det gamle bedehuset på Tongane.
Eit halvt år seinare, 17. oktober 1982, vart Fitjar Bedehus vigsla.
Det vart ein stor dag for kristenfolket i bygda. Huset var fullt av menneske som ville ta del i festen. Generalsekretær Ole Abel Sveen stod for sjølve vigslinga.
Det nye bedehuset vart eit nytt løft for kristenlivet.
Mange fleire vart engasjerte, og huset vart eit viktig reiskap for arbeidet. Mange har gjennom åra gjort ein framifrå innsats, ofte i trufast teneste utført i det stille.
Vekkingar gjennom generasjonane
Fitjar har opplevd fleire vekkingar gjennom historia.
Det har vore vekking både i det gamle og det nye bedehuset, og gjennom møteaksjonar i Fitjar kyrkje.
På 1890-talet var det vekking i Rimbareidkrinsen ved Hans Glittenberg frå Kinamisjonen, fiskar Tollev Ivarsøy og bonde Amund Rein Vestbøstad.
Alfred Samdal stod i vekking i 1910. I 1915 var det vekking ved Ivar Sollesnes og Mathias Orheim.
Under siste verdskrigen var det vekking ved Jens Rognsvåg og Konrad Landro.
Også seinare har menneske stått i dette arbeidet, mellom andre Kirsten Sekkingstad, Helen Haugland, Marit A. Røen, Liv Rolfsnes, Marit Stokken og Irene Krokeide Alnes.
Barn og unge
Gjennom historia har arbeidet for barn og unge vore ein viktig del av Fitjar Indremisjon.
Indremisjonen si ungdomsforeining, I.U.F., starta 30. september 1970 med Kristoffer Vik som første formann. Laget hadde gode år, og i 1990 slo det seg saman med Øvrebygda IUF.
Det vart ein god periode med mange deltakarar og fleire overnattingsturar, mellom anna til Klovskarvatnet, Engesund og øyane og Sætervika.
Laget vart lagt ned i 2004.
Gutaklubben starta i 1984 og var aktiv fram til 2004. Det var to aldersdelte grupper som hadde kvar sin tysdag.
I 2006 starta Ten Treff i Fitjar bedehus. Den første samlinga var laurdag 28. januar, med band av ungdomsskuleelevar og mange ulike aktivitetar.
Blant dei svært unge styremedlemmene frå starten var ungdomsskuleelevane Synnøve Aarskog og Martin Hageberg. Ten Treff har sidan halde fram, og etter kvart utvikla det seg eit tett samarbeid med kyrkja. Dette er no formalisert som ei fast samarbeidsordning.
Songen som har halde fram
Musikken har også fått ein heilt spesiell plass i historia.
Det var Lars K. Vik som tok initiativ til å starte Fitjar Musikkforening. Første gong dei song, var på julefesten i det gamle bedehuset i romjula 1965.
Dei var 13–14 ungdommar.
Lars var musikalsk leiar heilt fram til for to–tre år sidan, dei siste 25 åra saman med Trygve Eiken.
Medlemene fortel om eit svært godt samhald, både sosialt og åndeleg. Dei meiner ikkje minst dette skuldast leiarstilen til Lars og Trygve.
Fitjar Musikkforening har vore «limet» i forsamlinga i Fitjar bedehus.
Kontakten mellom medlemene og leiinga i Fitjar Indremisjon har vore stor. Fleire av leiarane i indremisjonen har også vore med i musikkforeininga.
Gjennom åra har strengemusikkforeininga vore mykje brukt i indremisjonsarbeidet. Dei har sunge på enkle møte og møteveker, og dei har reist på vitjing til andre bedehus på øya og i samskipnaden.
Ei notatbok har følgt arbeidet heilt frå starten. Bertine Sætre byrja å notere kvar dei song og kven som tala.
Notatboka har sidan blitt følgd opp.
Resultatet er ganske imponerande: Fitjar Musikkforening har sunge på heile 1450 møte fordelt over 60 år.
Frå bedehuskjellaren til radio
Fitjar Indremisjon var også tidleg ute med radio.
Radio Fitjar starta sendingane frå kyrkjerommet over sakristiet i Fitjar kyrkje. Etter ei tid vart radioen flytta til Fitjar bedehus, der sendingane etter kvart vart laga i eit studio i bedehuskjellaren.
I år 2000 var det eit variert program på sendeplanen.
Ungdomsprogram gjekk annankvar måndag. Tysdagar var det «Fitjar på pulsen», eit aktualitetsprogram om stort og smått i Fitjar. Annankvar onsdag hadde Lars K. Vik gjest i studio.
Torsdagane var det musikktime, og same dag vart «Eit Ord frå Jerusalem» sendt frå IKAJ. Fredagane var det møteopptak frå kristne møte.
Redaktør var Lars K. Vik.
Radio Fitjar vart lagt ned i 2016 då FM-bandet tok slutt og leigeutgiftene frå Telenor vart for høge.
150 år seinare
I dag er Fitjar Indremisjon framleis ein del av kvardagen i bygda.
Det er bønemøte måndag, tysdag og onsdag. Fitjar Musikkforening har øving annakvar tysdag.
Det er nattverdsmøte omtrent ein gong i månaden, klubb annakvar torsdag og møte i indremisjonsforeininga same dag.
Fitjar barnegospel øver kvar torsdag, medan Ten Treff samlast kvar fredag i skuleåret.
To gonger i semesteret er det laurdagskveld på bedehuset med familievennleg opplegg. Fitjar Indremisjon tek også ansvar for dei søndagane då andre ikkje har lagt opp til møte, i tillegg til ei møteveke kvart semester.
I jubileumsåret er Ingebrigt S. Sørfonn leiar. Med seg i styret har han nestleiar Ole Arnfinn Røysland Fitjar, kasserar Atle Vestbøstad, skrivar Elin Sørfonn og styremedlem Sigrunn Eiken.
150 år etter at Ole Steen d.y. stod bak skipinga av Fitjar Indremisjon, er mykje endra.
Bedehuset er eit anna. Arbeidsformene er andre. Radioen har stilna.
Men bøna er framleis ein del av arbeidet.
Og ønsket som står att etter 150 år, er det same som det var då dei første unge menneska samla seg i heimane i Fitjar:
At mange skal kome til tru på Jesus, og at kristenfolket i bygda – saman med mange nye – skal finne sin åndelege heim i Fitjar.
«Sjå, eg står framfor døra og bankar. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.»
Op 3,20
Kilde: Et historisk tilbakeblikk utarbeidet av Annlaug Hovstad, Trygve Eiken og Håkon C. Hartvedt