Over 80 ungdommar samla til Ten-helg

Denne helga, 20.-22. november, er det igjen klart for Ten-helg på Brandøy. Med kring 85 deltakarar og venteliste er interessa større enn kapasiteten, og leirsjef Eirik Stensland gler seg til ei innhaldsrik adventsleir.

– Å, herlighet. Kva eg føler? Eg gler meg. Det er stappfullt! Det har vore fullt på ungdomsleirane i fleire år no, så dette blir meganice, seier Stensland dagen før leirstart.

At leiren er fullteikna, viser at tilbodet er populært. Samstundes betyr det at ikkje alle som ønskjer plass, får vere med.

– Ventelista er vel på 11 eller 12 akkurat no. Det er litt kjipt at vi ikkje klarer å få med alle som vil vere med, seier han. Det blir kjekt når hyttene er ferdige, for då kan vi få med fleire.

Treng fleire leiarar

Sjølv om leiarsituasjonen er under kontroll, ser leirsjefen gjerne at fleire melder seg til teneste framover.

– Ja, vi har nok leiarar, men akkurat nok. Vi kunne gjerne vore eit par til. Vi klarer oss fint denne helga, men vi ønskjer fleire som vil vere med som leiarar på sikt.

– Søknadsprosessen er eigentleg veldig enkel. Ta kontakt med meg eller Linda dersom du kan tenkje deg å vere med. Vi prøver å byggje ein god kjerne av leiarar som følgjer den same leiren over fleire år. Det gjer at deltakarane blir kjende med leiarane og motsett. Samstundes er vi takksame for alle som ønskjer å bidra, seier Stensland.

Adventsstemning og «Forræder»

På programmet står mykje av det som høyrer ei god adventsleir til.

– Det er eit ganske standard adventsprogram. Vi skal ha møte, juleverkstad og fellesskap. I tillegg skal vi ha ein variant av «Forræder», slik mange kjenner frå TV 2.

Å gjennomføre spelet med 85 deltakarar blir likevel noko anna enn på TV.

– Det blir litt annleis når ein er så mange, ler Stensland.

Oppmoding om forbøn

Før helga kjem leirsjefen med ei enkel oppmoding til alle som følgjer arbeidet.

– Bør folk vere med og be for leiren? Ja, absolutt! Vi set stor pris på alle som vil vere med og be om gode dagar, trygge fellesskap og at ungdommane får møte Jesus denne helga.

Vil du vere med og støtte leirarbeidet?

IMS brukar mykje pengar på å arrangere leirar for barn og ungdom.

Har du lyst til å bidra til at vi kan halde fram med dette viktige arbeidet?

Du kan støtte oss med Vipps til #102696, eller bli fast givar til IMS.

Tusen takk for di støtte!