«Men han vart såra for våre brot, knust for våre synder. Straffa låg på han, vi fekk fred, ved hans sår vart vi lækte.» Jes. 53, 5

I mangel av møte og fellesskap denne påska er det fint med digitale alternativ.

Velkommen til å få med deg sendingar frå ImF Straume. Sjå plakat her (merk at det ikkje er mogleg å møta fysisk 2. påskedag som det står i plakaten). Du finn alternativ for både barn og vaksne. Alle sendingar frå ImF Straume kan du sjå på deira youtubekanal, dei lenkjar også via deira facebookside.

For ungdommar vil PR-arbeidaren i ImF-ung ta oss med gjennom påske-evangeliet i korte filmsnuttar: https://www.facebook.com/watch/ImFung.no/

Me vil ynskja deg ei fin og velsigna påskehelg!

Helsing oss i Indremisjonssamskipnaden