23.-25. september arrangerer IMS Haustmøtehelg. Fredag og laurdag vert treffpunkta på Leirvik bedehus. Søndag vert det lokale møte. Plakat med program for helga i stort format ser du HER

Konsert Justified

Fredag kveld kl 2000 blir det konsert med det kristne countrybandet Justified. Bandet kjem frå Indre Agder og vart starta i 2013. Inklusiv lydmann består bandet av heile ti personar, alle med same mål: å spela solid country/rock om Jesus, samtidig som ein ynskjer å ha det veldig kjekt. Fleire eigenproduserte songar har det blitt opp igjennom; songar om prøvingar, takksemd og livet med Jesus. I tillegg blir det framført coverlåtar frå ulike artistar, samt nokre kjente og kjære bedehuslåtar i ny drakt. Justified leverer noko for einkvar smak, enten du likar god trøkk, soloar og god stemning, eller om du likar rolege balladar som treff deg i hjartet. Billettar får du kjøpt i døra (Vaksen: 200,- | Barn: 50,- | Familie: 500,-).

Aud Karin Kjølvik Ringvoll og Siri Helene Erland

Laurdag vert det to møte. Første del, kl 1630, vert det undervisning med Aud Karin Kjølvik Ringvoll, tema: «Reis deg og gå!» Aud Karin er forsamlingsarbeidar i Flekkerøy bedehusforsamling, og har også ei stilling i ImF. Aud Karin vert også talar på kveldsmøte kl 1930.
Siri Helene Erland bur i Trøndelag, og blir med på begge møta laurdag. I allsong har ho også med seg Simen Elias Teigland. Siri Helene var ein av Idol-finalistane i 2006. No gir ho ut musikk om sitt eige idol, Jesus. Ho fortener ei lysande plassering på den kristenartistiske stjernehimmelen, skriv m.a. Vårt Land, og seier også at ho gir Ordet fornya kraft. «Sakkeus», «Synk eller svøm» og «Salme 91» er nokre av hennar songar som er spelt mykje.

Laurdag kveld vert det også eit møte med ein kveldens gjest som vil dela frå kvardagslivet saman med Gud.

Det blir sal av pizza mellom dei to møta.

Velkommen til ei innhaldsrik helg.