Er du interessert i å bli med i IMS Forkynnarfellesskap?
Indremisjonssamskipnaden (IMS) ønskjer å få fleire til å forkynna Guds ord i lokale forsamlingar og fellesskap i regionen. No vil vi kartleggja behov, interesse og moglegheiter gjennom ei spørjeundersøking.
Målet er å etablera eit IMS Forkynnarfellesskap som kan samla både nye og erfarne forkynnarar. Her skal deltakarane få dela erfaringar, læra av kvarandre og utvikla gåvene sine gjennom undervisning, praktisk trening og rettleiing.
Vi ønskjer å rekruttera nye forkynnarar, samstundes som dei som allereie er i tenesta, får høve til å utvikla seg vidare. Eit viktig mål er å utrusta minst 20 nye fritidsforkynnarar i IMS-regionen dei neste fem åra.
Men korleis bør eit slikt fellesskap sjå ut? Kva behov finst i forsamlingane, og kva skal til for at fleire får frimod til å forkynna?
No ønskjer vi innspel frå deg!
Vi håpar både forkynnarar, leiarar og andre med interesse for forkynning vil ta seg tid til å svara på spørjeundersøkinga. Innspela dine vil vera viktige når vi skal forma tilbodet vidare.
