16.-18. juni arrangerar IMS sin eigen Sommarfest på Brandøy. 2023 er første gongen IMS Sommarfest går av stabelen og me gler oss til å invitera deg til ei fullspekka helg for alle aldrar. Så om du er 2 år eller 103, eller ein stad midt i mellom, så ynskjer me å varmt invitera deg til Brandøy 16.-18. juni 2023. Alt om IMS Sommarfest finn du her: ims-sommarfest.no

Under årsmøtet på Framnes juni 2022, vart det vedteke ei prøveordning på to år der me skil utsendingsmøtet frå Sommarens Storsamling. IMS sitt årsmøte vert på Leirvik bedehus laurdag 22. april. Storsamlinga vert fornya. Me endrar litt i konsept og namn. Denne vert no til IMS Sommarfest. Me siktar oss inn mot yngre generasjonar, samtidig som me ynskjer alle generasjonar velkomne, og håpar alle finn program som engasjerer.