Det blir både juleverkstad, pepperkakehuskonkurranse, bibeltimar og mykje moro når det igjen er klart for leir på Helgatun. Rundt 40 deltakarar er allereie påmelde, men det er plass til fleire! Blir du med?
– Det har ikkje vore så mange ungdommar på leiren på mange år, fortel Linda Aase, ungleiar i IMS.
Ho er godt i gang med førebuingane til leiren. Mellom anna blir det laga bokmerke som deltakarane skal få lage vidare på under juleverkstaden.
Ein leir med mange tradisjonar
På programmet står både aktivitetar ute og inne. Med snø i fjella ligg alt til rette for fine vinterdagar ute. Inne blir det juleverkstad og den tradisjonsrike pepperkakehuskonkurransen.
– Vi har laga oss ein tradisjon med å byggje pepperkakehus og ha konkurranse. Det er veldig gøy!
I tillegg blir det bibeltimar, samlingar og leirfest. Her blir det altså både rom for leik, fellesskap og påfyll for trua.
Sigrid er leirsjef
Årets leirsjef er Sigrid Hilleren frå Nainkyrkja på Voss. Ho får ansvaret for leiren og leiarteamet, der mellom andre Kåre Johan Hamre frå IMS er med.
Plass til fleire!
Sjølv om rundt 40 allereie er påmelde, er det framleis plass til fleire.
– Det er plass til mange. Det er berre å melda seg på! oppmodar Linda.
Helgatun-leiren er ein fin moglegheit til å oppleva gode dagar saman med andre, få nye vener og koma i julestemning. Kanskje er dette leiren du skal vera med på i år?
Meld deg på her!

