Sofie Braut, aktuelle «små båter» og inspirerande glimt!

Velkommen til ny KRAFT-konferanse 17. februar på Leirvik bedehus. Konferansen er for deg som er i teneste og leiar lokalt.

Me gler oss til fellesskap, undervisning og seminar om viktige tema, samt glimt frå lokalt arbeid.

Sofie Braut er kommentator i avisa Dagen. Ho har ei god, kraftfull, uredd og presis stemme inn mot ulike tema. Sjølv er ho tydeleg på at ho representerer alminneleg kristen tru.
Under KRAFT vil ho ha første fellestema «Bibelglede! Korleis bibelen kan gi retning og ryggrad til livet me står i».

Marte og Rune Kvilhaugsvik har i haust budd i England saman med fire barn. Her har dei levd tett på korleis «små båter» kan sjå ut, bærekraftige små kristne fellesskap. Dette konseptet er også svært aktuelt for oss. I andre fellesøkt deler dei sine erfaringar frå «små båter».

Anders Sætre er musikalsk leiar og har med lovsongsteam frå Fitjar.

Det blir pausar gjennom dagen med middag m.m.

Påmelding HER innan 13. februar. Full program finn du HER.