17 kvinner fekk nokre dagar «avsides» med Jesus då Kvinnedagane på Brandøy vart arrangerte i år.
– Kvinnedagane er nokre få kvardagar der me kjem «avsides» med Jesus, fortel Bjørg Marit Notland, som saman med Kirsti Frugård var leiar og talar.

Årets tema var «Levande tru», og bibeltimane tok for seg trua sitt fundament, tru og liv, og korleis trua gir styrke. Deltakarane fekk også vere med på bønesamlingar, bønevandring og ei fokustid der Notland delte frå si eiga trushistorie.
Det blei også god tid til fellesskap, gode måltid, turar og kvile. Sidan Kvinnedagane blir arrangerte på kvardagar, er det i hovudsak pensjonistar som har høve til å delta. Den relativt vesle gruppa gjer at deltakarane blir godt kjende.
Dette var tredje året Notland og Frugård stod som leiarar og talarar. Tilbakemeldingane frå deltakarane har vore svært gode.
– Det har vore eit ope og godt fellesskap. Me håper det blir Kvinnedagar på Brandøy også neste år, seier Notland.

