Denne helga starta 94 førsteklassingar på Framnes kristne vidaregåande skule. Totalt er det no 282 elevar ved skulen – ny rekord!

Framnes er ein inkluderande skule og heim der elevane får oppleva personleg vekst, fagleg utvikling, gode venskap og eit åndeleg fellesskap. Her blir ungdom møtt med tillit og respekt – og mange får vener for livet.

Framnes er eigd av IMS og ImF, og vi er både stolte og takksame for alt skulen betyr for ungdom, familiar og arbeidet vårt.

Ver gjerne med og be for elevane, dei tilsette og skuleåret som ligg framfor. Må Framnes framleis få vera ein stad der unge menneske får veksa, trivast og bli betre kjende med Jesus.