Det nærmar seg tid for Sommarens Storsamling og Indremisjonssamskipnaden sitt årsmøte på Stord 21.-23. juni. Dette året er det indremisjonslaga på Stord som er vertskap, og tema for helga er “Forventning”. Vi gler oss til gode samlingar og fellesskap i Stord Idrettspark på Vikahaugane. 

Av høgdepunkta kan vi nemna:

Sommarkveld på fredag, og dei som vil delta er Silje Rydland m/band, John-Inge,Gunhild og Oda Rolfsnes, Eirik Stensland, Linda Nordtun og Lene F Nesse. Eit variert utval song og musikk som vi trur vil femna alle.

Opningsmøte og bibeltime laurdag føremiddag, Utsendingsmøte på dagtid og Stormøte laurdag kveld. Under utsendingsmøte vert det opplegg for born og ungdom. 

Søndag vert det Gudsteneste/festmøte og helga vert avslutta med Storsamling.

Vi vil ynskja velkomen til liten og stor, her vert samlingar for alle aldrar.

Du finn heile programmet her, og du kan melda på til måltid, barne- og ungdomsopplegg, bubil-/campingvognparkering, osv. her.

For meir informasjon om barn- og ungdomsopplegget på Sommarens Storsamling sjå her – eller: www.facebook.com/imsungno

Vi takkar hovudsponsorane for Sommarens Storsamling 2019: