Det nærmar seg tida for Sommarens Storsamling og årsmøte. Helga er 8.-10. juni og tema er «Saman». Denne gongen er det Ølen og omegn som er vertskap, og me gler oss til flotte samlingar og fellesskap i Ølen idrettshall. Utsendingsmøtet vert på Kyrkjetunet i Ølen. Overnatting kan skje m.a. på Brandøy (sjå oppslag i Venen) Påmelding kan gjerast her.

 

Fredag vert det konsert med koret Voice of Joy i idrettshallen. Laurdag er det bibeltime, Barnas Sommarfest, utsendingsmøte, konsert med Tore Thomassen og stormøte om kvelden. Eiga samling med aktivitetar for ungdommane lørdag på dagtid.

Søndag vert det Gudsteneste/festmøte og Familiemøte. Det er òg mogleg å få kjøpe måltidene mellom samlingane, og det vert salg frå SunnBok og ulike standar på området. Noko for ein kvar, ta gjerne turen frå fjern og nær, til ei helg «Saman» med kvarandre.

For best mogleg logistikk er det bra å melde seg på til måltida, og evt overnatting, via påmeldingsskjema. Det vil uansett være salg av måltider, og kiosksalg i tillegg.

Alle utsendingar MÅ melde seg på via påmeldingsskjema, og me oppfordrar alle lag og foreiningar med tilknyting til IMS å sende sine representantar for å forme framtida til Indremisjonssamskipnaden. 

For dei som bur på Brandøy (òg andre) vil det være samlingar med bøn og lovsong der på kveldstid.

Sommarens Storsamling plakat og program

Konsert Voice of Joy

KONSERT Tore Thomassen 2018

Barneprogram