Louise Kallekleiv besøkte SunnBok

Det blei både latter, høgtlesing og generelt god stemning då forfattar Louise Kallekleiv besøkte SunnBok i dag. På programmet stod mellom anna lesestund og trekking av vinnaren i teiknekonkurransen til SunnBok.

Kallekleiv står bak bøkene Tøys og tull fra A til Å og Tøys og tull med tallene. Ideen til den første boka dukka opp då ho jobba som lærar på småtrinnet.

– Vi skulle repetere bokstaven F i klassen. Då eg låg og skulle sove, byrja eg å tenkje på kva vi kunne gjere med den bokstaven. Så kom det eit lite tøysevers inn i hovudet mitt. Eg syntest det var morosamt og byrja å lage fleire vers til dei andre bokstavane, fortel ho.

Det som starta som små leselekser til eigne elevar, utvikla seg etter kvart til ei bok. Målgruppa er først og fremst førskulebarn og elevar i 1. og 2. klasse, men responsen viser at bøkene treff breiare enn som så.

– Eg har fått tilbakemeldingar frå foreldre til både toåringar og elleveåringar som fortel at barna likar bøkene, seier Louise.

Under besøket på SunnBok var det tydeleg at humoren treff både små og store. Fleire av dei vaksne såg ut til å le minst like mykje som barna.

– Mange seier det er kjekt å ha ei bok som barna likar, men som dei vaksne òg synest er morosam å lese. Det er jo veldig kjekt!

Fleire bokprosjekt på gang

Louise er utdanna lærar og trivst så godt i jobben at ho ikkje har planar om å bli forfattar på heiltid med det første.

– Eg har vurdert å klone meg sjølv, for eg elskar jobben min som lærar. Men eg skulle gjerne hatt meir tid til å skrive.

Og ideane manglar det ikkje på. Ei ny bok med tittelen Kven er eg? er snart klar for redaktør. Foreldra hennar står for illustrasjonane. I tillegg arbeider ho med lettlesne småbøker og eit prosjekt for tweens og ungdom med historier om kva Gud har gjort i menneska sine liv.

Bøkene om bokstavar og tal kan kjøpast hos SunnBok og på nettsida lomika.no.

Det blei ein inspirerande og morosam dag på SunnBok, med både leseglede og ei påminning om at det ikkje alltid trengst så mykje for å få fram eit smil. Nokre gode ord og litt tøys og tull kan vere meir enn nok!