Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss. Og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.

Johannes 1, 14

Tenk! – den evige allmektige Gud som har skapt alt og som held alt oppe, han elskar oss og vil ha relasjon med oss! Måten han gjer det på, er at han blir som ein av oss og kjem til oss – og møter deg og meg der me er. Når ein opnar seg for Jesus, skjer det forvandling! Han kjem oss i møte med nåde og sanning, og me får sjå og erfara våre liv i lys av hans herlegdom – til fridom! Det starta med Johannes og dei andre som først møtte Jesus – og har halde fram heilt til oss i dag.

Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss. Og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.

Johannes 1, 14

Og så får me gje takk og lovprisning tilbake til han – og dela det me har fått med med våre medmenneske! Guds fred og glede i adventstida!