Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk! Lat alle menneske få kjenna kor godhjarta de er (Bokmål: La alle mennesker få merke at dere er vennlige). Herren er nær.

Paulus’ brev til filipparane 4, 4-5

13. desember er Luciadagen. Dagen då Lucia leid martyrdøden i kristendomsforfylginga under keisar Diokletian rundt år 304 e. Kr. Ho ville leva ugift, og gav medgifta si til dei fattige. Det er mogleg at ho hadde denne gleda i Herren som gjorde henne godhjarta / venleg.

I dag og kan me velja å gleda oss i Herren. Glede er smittsomt! Å vera venleg er og smittsomt! Og Herren er nær!  God adventstid!