«Og ho fekk son sin, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje husrom for dei.»

Lukas 2, 7

I ein stall vart barnet fødd, som det Guds lam som bér all verdas synd. Han kom for deg. Seinare døydde han for dine synder og oppstod til di rettferd. Eller sagt på ein annan måte; Han vart eit menneskebarn fordi du skulle kunne bli eit Guds barn. Han blei fattig for å gjere deg rik. Han blei lagt på høy og strå og sveipt i klutar for at du skulle kunne ha rettferdas reine drakt. Han døydde og stod opp, for at du skulle ha livet!

Framleis god advent.