Helga 22. og 23. august startar vi opp att med det første store arrangementet etter koronapandemien starta. Då er det tid for Brandøyhelg 2020.
Laurdag 22. august vert det middags- og dessertbuffèt. Kjøkkenet stiller med god mat, og syt for servering etter gjeldande smittevernreglar. Etterpå vert det konsert med SALMEKLANG i gymsalen. Gled deg! Det vert begrensa plasser så skund deg så du får sikra deg ein billett. Treng du overnatting til søndag og den store Brandøydagen, er du hjarteleg velkommen til å bestilla rom i det nyoppussa internatet.
Søndag 23. august går den årlege Brandøydagen av stabelen. På Festmøtet er Per Hjemdal talar og Ingrid Tveit & Co syt for musikken. Borna har sin eigen Speedleir. Etter ein god pause med sal av lapskaus, gode kaker og dessertar vert det Familiemøte med Johannes Olsen som talar.
Husk at i år må du melda deg på til alle arrangementa før du kjem. Det gjeld både middags- og dessert buffèt, konsert med Salmeklang og sjølve Brandøydagen. Påmeldingane gjer du her. Og her kan du sjå heile plakaten: