Det er ei krevande tid me er i, og leiing i kretsar og ImF har samtala om situasjonen. For å gjera det me kan for å unngå vidare eskalering av smittesituasjonen, gjekk eigen organisasjon fredag 6. november ut med anbefaling om å innstilla møteverksemda dei to neste vekene. Du kan lesa meir her: http://www.sambaandet.no/2020/11/06/imf-anbefaler-motestopp/. Så treng ikkje det bety at alt stoppar opp likevel. Korleis kan me nytta tida me elles ville brukt på å vera saman i fellesskapet vårt på ein konstruktiv måte, som kan bygga både oss sjølv og menneske rundt oss? Me oppmuntrar til kreativitet rundt dette.