Lit alltid på Herren, de folk, renn ut for han det som fyller hjarta!

Salme 62, 9

Kristenlivet er ei vandring i tru. Det gjeld det grunnleggjande – alt det me eig i Jesus. Den rettferda me har i han, kan me ikkje observera og kjenna i oss sjølve. Det er ein del av trua sin gode strid å halda for sant det Gud seier i Ordet – at eg er eit Guds barn og rettferdig i Jesus, midt i alt det eg kjenner på av synd og svikt hos meg sjølv. Mange kan av eiga røynsle stadfesta det som songaren seier: «Det læres ikke uten megen smerte, å bygge frelsen utenom seg selv»

Slik er det òg når det gjeld Guds føring og leiing av oss. «Hvor underlig er du i alt hva du gjør, hvem kan dine veier forstå? Men ett er dog sikkert, den vei du meg før, for meg er den beste å gå»

Når dagane er gode, vi kjenner oss velsigna og takksame, er det lett å tru at Gud er god og vil oss vel. Men når sorg og sjukdom og tunge ting melder seg i livet vårt eller hjå menneske som står oss nær, raknar lett trua.

Her kjem Salme 62 oss til hjelp: «Lit alltid på Herren, de folk! Renn ut for han det som fyller hjarta»

Viss me alltid kan lita på Herren, så må det bety:

  • Gud er glad i meg og vil meg vel
  • Han kjenner situasjonen min og veit korleis eg har det
  • Han har ikkje mist kontrollen i livet mitt
  • Han vil ta ansvaret for situasjonen og føra alt gjennom slik han ser det best

Takk Gud, at dette er sant!