Gud har vore min hyrding frå første stund til denne dag, engelen som har løyst meg ut frå alt vondt. Må han velsigna gutane!

Første Mosebok 48, 15-16

Jakob vert av mange omtala som luringen. Viss du les forteljinga om han frå kapittel 25 så er det lite oppløftande å lese. Det som slår meg mest, er at han som ung mann hadde møte og opplevingar med Gud, men at han likevel i mange, mange år ikkje omtala Gud som sin gud. Jakob hadde eit vondt liv. (1. Mos. 47.9)

Jakobs liv er ikkje det store i forteljinga. Det store med Jakob er Gud. Jakob seier at Gud har vore min hyrding – ikkje dei siste åra, eller det meste av livet mitt – nei, frå første stund og [han] har løyst meg ut frå alt vondt.

Kven er Gud som kan løfte eit menneske på denne måten, løyse dei vonde banda og setje i fridom? Som kan la eit menneske få sjå og glede seg over at Gud slettar ut, gøymer ikkje på vreide og hat mot mennesket?

Han er det me skal feire no. Jesus. Han som tilgjev synd. Ikkje gøymer på bort og misgjerning eller sløkkjer ein rykjande veike. Engelen som har løyst oss ut frå alt vondt, må han velsigne oss!

Hvem har villig gitt sitt liv for å dø på et kors
Hvem har gitt meg ny verdi ved å elske meg først elske meg først
Gi meg Jesus, bare Jesus
En uendelig kjærlighet ufattelig dyp og bred
Gi meg Jesus, bare Jesus
Ingen andre er lik deg Jesus